![]() |
Forum: Jorunn Kjersti Eides samtaler | ||
1 mars går fristen ut for å søke læreplass. Pass på at din søknad er registrert på www.vilbli.no.
De som skal søke læreplass i industrifaga håper vi vil søke til oss. Da må du i tillegg søke via vår heimeside www.pro.sf.no .
Har du eit ønske om å ta studiekompetanse i læretida ber vi om at du skriv det i søknaden til oss.
Ha ei god helg, bruk den ativt til å sikre deg læreplass ved å søke seinast søndag kveld.
mvh
pro opplæringskontoret industrifag
jorunn
Det må være eit krav til flyselskap, som får konsesjon på kortbanenett, at dei skal tilby rabatter og produkt som gjer oss i distrikta eit likeverdig tilbod, med dei som kan bruke dei store flyplassane. At det kun er eit flyselskap, som flyr på ein flyplass, må ikkje gå utover pris og produkt.
Sogn og Fjordane er eit fantastisk fylke å bu i og her er plass til fleire.
Vi må ta vår del av verdiskapinga for landet på alvor, vi har plass til folk og nye arbeidsplasser.
Det er ikkje lågt folketall i fylket vårt som er vår største trussel. Det er mangelen på å sjå moglegskapen med at vi er få og har god plass.
Her er 26 kommunar og 26 næringsapparat, rundt reikna vil det sei at vi har eit næringsselskap pr 4000 innbyggjar, er det slik vi aukar verdiskapinga best ?
Førde arbeidarpart er glad for at regjeringa kjem med tiltakspakken, slik at vi dempar ledigheten. Førde Arbeidarpart vil følgje opp ved å prioritere bruken slik at vi oppnår regjeringa si målsetting.
Førde Arbeidarparti prioriterar bruken av midlar frå regjeringas tiltaks pakke slik :
Kommunale tiltak :
Halbrend skule, Full utbygging. med byggestart straks.
Førde huset, Fullføre vedlikehald
Førde ungdomsskule, gjennomføre alt nødvendig vedlikehald
Omsorgsbustader , oppstart framskyndast
Fellesprosjekt mellom kommune, fylket og staten vil vi prioritere trafikktryggleiks tiltak slik:
E 39 Sunde bru
Vegkryss ved Hornes
Til kulturtiltak :
Fullfinansiering av Sogn og Fjordane kunstmuseum
fellesmagasin på Sunnfjord museum og nybygg på Sunnfjord museum.
Førde Arbeidarparti har prioritert i samsvar med regjeringa sitt overordna mål, samt utifrå eit ønske om å følgje opp gjeldande økonomiplan. ( lokal målsetting ) Vi ser på tiltaks pakken som ei løysing til å få gjennomført tiltak som står på vent som følgje av ”sprekk ” i økonomi, på enkelt prosjekt. Halbrend skule er eit slikt tiltak som skulle vore satt i verk, men som mangler full finansiering.
Ved å nytte tiltaks pakken til investering, reduserer vi kommunen sine drifts utgifter til lån. Det vil vi signalisere at vi vil bruke til å lette på kravet til innsparing ved einingane pleie, helse, omsorg og skule. Dessutan håper vi at Førde sin del blir i ein slik størrelse at vi kan framskynde prosjekt som elles er prioritert lengre ut i økonomiplan perioden.Vi meiner vi får meir igjen for pengane ved å bruke dei i lag med midlar som alt er prioritert i gjeldane økonomiplan og 2009 budsjett og samtidig følgje opp regjeringa sitt overordna mål, redusere ledighet.
Førde kommune har tapt store verdiar, på investerte midlar. I tillegg ser det ut til at kommunen får lågare skatteinntekt som følgje av at innbyggarar kjem til å betale mindre skatt fordi dei har tapt pengar på private investeringar.
Dersom Førde, gjennom tiltakspakken får kompensert for lågare skatteinntekt, må vi sjå på korleis ein slik kompensasjon kan nyttast best slik at også desse midlane kan brukast til å dempe ledighet, men og til å oppretthalde kommunen sit tilbod til innbyggjarane. Når ein kommunen skal spare inn 10 – 12 mill må ein være budd på at det kan medfører reduksjon i stillingar eller at ledige stillingar vert ståande ubesett. Det er og ledighet.
Leiar i finanskomiteen , Reidar Sandal sa i sitt innlegg under presentasjonen av næringsbarometeret for Sogn og Fjordane , sist torsdag at no måtte kommunane inkl. fylkeskommunen være om seg og jobbe rakst. Prosjekt som er klare til å sett i verk må ein få spaden i jorda på, andre prosjekt må få fortgang og ikkje verte svekka av seindrektig handsaming av politikarar utan handlekraft.
Vi har handlekraft og vil gjere vårt for å bruke den.
Med vennleg helsing
Jorunn Eide Kirketeig
- gruppe leder -Førde arbeidarparti
mobil :91144966
Førde arbeidarparti vil ha makten tilbake i Førde. Det skal vi klare. I løpet av våren skal vi utforme vår visjon og tidfeste kortid den nye arbeidarparti ordføraren skal være på plass.
Men først skal vi sikre to på tinget, Ingrid og Tor.
Det er ei utfordring å sjå kor tregt det går i Førde med det turkise fleirtallet som styrer. Arbeidarpartiet vil ha fart på utviklinga. derfor er det heilt nødvendig at vi setter oss eit klart mål for koritd vi skal være tilbake.
Det turkise fleirtalet har fått ei lei tendens til å sette i gang saker på nytt akkurat når ei sak er klar og skal settast ut i livet.
Vi kan ikkje sjå at det turkise fleirtallet har lagt fram saker som viser kva veg dei vil kommunen vår skal gå.
Det er ikkje uvesenlig kva politisk fleirtall som styrer i vår kommune. Arbeidarpartiet har alltid meint at arbeid er det viktigaste for eit meiningsfyllt liv. Eit arbeidsliv med plass for alle, skaper tryggleik og stabilitet. Gode trygge skular og trygge omsorgstenester skal være kommunen sitt ansvar og skal være eit tilbod til dei som treng det.
Nyeste kommentarer