![]() |
Forum: Ingrids samtaler | ||
Det er gått ei veke sidan ny arvelov vart sett i verk. Den gav styrka rettsstilling for sambuarar.
Endringane gjer at sambuarar vil få rett til arv etter kvarandre og rett til å sitje i uskifta bu med felles bustad og innbu. Akuratt som i ekteskap vil retten til uskifte ikkje gjelde dersom den avdøde sambuaren har eigne særskilte livsarvinger (“særkullsbarn”). Slik er det også for ektefeller.
Norge er eit føregongs land som gjev sambuarane rett til arv i kraft av lova.Dette gjeld når sambuarskapet har vart i minst fem år, eller når sambuarane har, har hatt eller ventar barn saman. Sambuararva etter lova er sett til 4 ganger grunnbeløpet, og gjelda framfor livsarvingane sin pliktdel.
Livsarvingane i ekteskap og sambuarskap vert soleis likestilt.
Høyrer på debatt om finanskrisa, der Høgre som alltid skal ha skattelette. No er det arbeidsgivaravgifta som skal setjast ned.Kva det kostar er dei usikre på, men 1 % er vel ca 8 milliardar, så vi snakkar om å bruka eit 20 tals milliardar. Når vi så veit at det er ein av ti av bedriftene som slit så er det lite målretta å setje ned for alle bedriftene, og bruke såpass mange milliardar. Men, men målretta har partiet ikkje vore på mange år, det viser også meiningsmålingane.
Åge er berre toppers.Musikkanmeldere berre gå og legg dere. Dette var kjempebra.
Har diskutert redningshelikoptertenesta i Stortinget idag. Vi var tverrpolitisk einige om at regjeringa si storsatsing på tilstedevakt ved alle basane alt hadde redda liv. Var også einige om at vi såg fram til at redningsbasen på nordvestlandet vert ferdig
Kampen mot arbeidsløysa vert hovudbodskapen min i 1.mai talen min i Luster.Finansakrobatane på Manhatten gjorde slik at Fundotilsette i Høyanger ikkje lenger har ein jobb å gå til. Markedet kan ikkje styre åleine, det må styrast
Omfanget av truslar mot vitne i samband med alvorlig kriminalitet,speseielt organisert kriminalitet, og personar som vert utsett for vold i nære relasjonar har auka dei seinare åra.Historien om Eli som hadde flytta 45 ganger dei siste åra fordi ho alltid vart funnen av den voldlige eksen.Opplysninger om addressa som skulle vore strengt hemmlige var kommen ut, og ein måtte flytte på nytt. Norge er eit lite land og det er vanskelig å gøyme seg vekk. Spørsmålet om fiktiv identitet som beskyttelsetiltak reiser ei rekke problemstillingar. På den eine sida er det openbart den mest effektive form for beskyttelse i den forstand at vedkommande ikkje kan sporast i offentlige registre og såleis vera “sletta”. Men då må den som treng beskyttelse bryte all kontakt med tidlegare liv,omgangskrets og familie. I tillegg vil ein i mange tilfeller måtte forlate landet.
For meg framstår det som eit stort paradoks at det er den trua som må bera byrden. Derfor meinar eg innsatsen framover må byggast rundt tiltak som tek sikte på å begrensa voldsutøvaren ikkje den trusselutsette sin bevegelsesfridom. Typiske eksemplar på dette er besøks/kontaktforbod, og innføring av omvendt voldsalarm. Det er klart at dette ikkje kan komme til erstatning for den strukturerte vitnebeskyttelsen vi har nasjonalt og internasjonalt.
Har hatt ei fantastisk kulturhelg, der vi opna Operahuset på Eid. Opninga vart ei framsyning av mangfaldet i kulturlivet i Nordfjord, med omlag 500 personar på scenen, det same antalet som var i salen.Aldersgruppa var frå rundt skulealder,( kansje nokon under og? og til godt voksen. Her var ballett,gamaldans,song, korsong, korps, rock og også opera.Til og med to jenter som spelte på glas.Det virka som om dei på scenen kosa seg like mykje som vi som sat i salen, og her var det berre å nyte. Det einaste eg synes var trist var at vi ikkje fekk klappe mellom dei forskjellige nr.
Det er utrulig kva dei har fått til med pågangsmot og vilje og litt galskap så er alså Operahus nr to i Norge opna, og det på Eid.
Ei koselig historie til slutt: Ein familie frå Eid reiste til Oslo, og køyrde forbi Operahuset der, og så seier minstemann frå baksetet: Mamma har dei Operahus her og ?
Eit fantastisk landsmøte som viser til fulle at AP stiller opp for industrien. Vi vedtok bla både utleigeordning på 30 år, finansierings og garantiordning for industrien, og ikkje særnorske avgifter for kraftforedlande industri. Eg er stolt av å tilhøyre dette partiet !
Siste innlegg før påskeferie.
Har vore ein fantastisk dag, der eg har vore i Balestrand for å fortelje at reiselivsmuseet er fullfinansiert. Avtalte med direktøren i går var at eg skulle komme i dag,og så måtte ho hjelpe meg å overtale Heidi og Erling om kor viktig det var å få museet på plass .Inger hadde lese seg opp i heile går til halv ti om kvelden, for denne kampen skulle vi vinne.Så då vi kom med pressekorp inkl tv, så vart ho fullstendig tatt på senga. Må innrømme eg fekk eit stikk av dålig samvit då ho tok seg for brystet og støtta seg til veggen, men eg vart tilgitt.
Reiselivsmuseet er eit nasjonalt prosjekt, og heilt rett plassert etter mitt syn, for i Balestrand stod verkelig Reiselivets vugge. No kan ein få dokumentert korleis reiselivet har endra og utvikla seg frå hest og kjerre til dagens hurtigbåt,buss og bil.Og så det fantastiske bygget.“Berebjelkane” vert steinen som er i fjellet.(skal brukast laser)
Bygda,og regionen trengde verkelig eit løft, det vert fint å sjå rigg og anleggsarbeid i sentrum, og no tek dei heile sentrumsplanen.
Ei vakker bygd vert endå vakrare, og får nok eit attraksjon.(og eg har fått kryssa ut endå ein valkamplovnad)
Gratulerar Balestrand, heile bygda har stått på for dette,de har vore flinke til å teke kontakt, og no er resultatet på plass !
Har vore i debatt i dag om elektronisk soning. dette er ei viktig brikke i AP sin fokusering på at kriminalomsorga skal vera straff som virkar. Vi ønsker ikkje gjengangere, og hittil har vi fantastiske tal å vise tilmed det dei fleste kallar fotlenkesoning. Av dei 255 iverksette gjennomføringane er det kun 10 som er overført til fengsel pga brot.Dette skuldast bla ein god innsats frå kriminalomsorga sine tilsette. Det at ein 17-18 åring som har fått utbetalt for mykje frå NAv, køyrt for fort eller med promille, kan sona heime gjer at ein beheld skuleplassen evt jobben, og bustaden. Jobb og bustad er dei to viktigaste kreteria for å bryta ei kriminell løpebane. Og desse unge slepp å sona saman med hardbarka kriminelle , får ikkje knytta eit kriminelt nettverk.
Er dette straff ? javist er det det, ein betalar til og med for eigen straffegjennomføring i form av husleige, kost, straum etc. Og tenk deg sjølv å kun få gå ut når du har avtale med kriminalomsorga, til skule eller jobb. Hente posten ? Bæra ut bosset ? Nei, det kan ein ikkje.
kriminalomsorga har også vore flinke til å hjelpe til med å finne eigna bustad til soning dersom ein feks bur i hybelhus, og i samarbeid med nav har ein også fått folk i jobb.
Elektronisk soning passar ikkje for alle, feks er ein dømd for grov vold, sedligheit eller misbruk i heimen (Vold i nære relasjoner) ja, då er det fengsel. Ei utviding av ordninga til fleire fylker er ønskelig såsant evalueringa viser like positive resultat som vi har hittil.
Likestilling av skift og turnus har vore eit krav så lenge eg har vore aktiv i Arbeiderpartiet.Nå er vi der. Dette er eit viktig skritt i rett retning for likestilling
For å sikra at folk faktisk får dei ytelsane dei skal ha i rett tid, og at reforma skal gjennomførast på ein best mulig måte, så kjem det no ei styrking av Nav. Dette er naudsynt, vi har sett mange historiar denne vinteren om at folk ikkje har fått det dei skal ha og til rett tid .
Med 710 millionar ekstra sikrar vi Nav ressursar i ei tid med stadig aukande arbeidsledigheit. Vi gjer sakshandsaminga enklare og garanterar at folk får pengar medan dei ventar på vedtak. Dette vert gjennomført straks for dei som søker om dagpengar. Dei som ventar på uførestønad, får forlenga sine attførings- og rehabiliteringsytelsar, og ei lovendring vert fremma for å sikra forlenga tidsbegrensa uførestønad til dei som ventar på vedtak om varig uføreytelse.
Nav-reformen var både riktig og naudsynt.Det fungerte ikkje slik det skulle, der folk vart sendt frå den eine til den andre utan å få hjelp.Men ei så omfattande omorganisering med fleire millionar brukarar,det krev styrking og justering undervegs. Dette gjer vi no. Mange tusen tilsette i Nav har dei siste åra gjort ein kjempejobb for å få reforma på plass. Og sjølv om media har vist mange historiar om misnøye , så veit vi også at mange får god hjelp hjå Nav: Jobbar vert formidla, stønadar vert utbetalt som dei skal, og kvalifiseringsprogrammet er ei suksesshistorie som allereie har gjeve over 4000 langtids sosialhjelpsmottakarar nye mogligheiter og ny sjølvtillit.
Nyeste kommentarer