Forum: Karianne Alettes samtaler

Tilstandsrapport for VG-opplæring i Sogn og Fjordane

Idag behandla fylkestinget i Sogn og Fjordane ein tilstandsrapport for vidaregåande opplæring. Her kan du lese mitt innlegg:

Tilstandsrapporten for vidaregåande opplæring gir oss eit godt bilde på at området opplæring er stort, og at det skjer mykje!

Rapporten viser at det er mange ting vi er scora høgt på, på nokre område ligg vi også over landsgjennomsnittet, men den visar og at det ulike områder der vi har utviklingspotensiale.

Eg ønsker å sette fokus på to av dei.

Folkehelse er eit viktig område og det vil bli trong for å arbeide meir førebyggande og helsefremmande for å betre folk si helse og livskvalitet framover.

Vi blei tidlegare idag regodkjent som trygt lokalsamfunn, og må i så måte følge opp dette arbeidet med målretta innsats og samarbeid med kommunane.

Skulehelsetenesta er ein viktig del av det totale folkehelsearbeidet. Ungdom er på mange områder ei utsett gruppe, og skulehelsetenesta skal være eit lågterskeltilbod, der det skal være enkelt å få hjelp.

Det som er utfordrande her er at elevane har ulikt omfang på tilbodet om skulehelseteneste ut frå kva skule dei går på, og at det er vertskommunane som er ansvarlege for tilbodet innan skulehelseteneste mens det er fylkeskommunen som er ansvarlege for den vidaregåande opplæringa.

AP har ved fleire høve vore pådrivarar for å få til ei styrking av skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring, no sist på møte i HO 24 mai. Der fekk vi tilslutning til vårt framlegg til vedtak som blant anna går ut på å gå i dialog med kommunane om å definere ein minstestandard for skulehelsetjeneste og at ein må gjere ei grundig vekting og vurdering mellom dei ulike tiltaka som kan knyttast til folkehelse for å sikre elevane eit best mogleg tilbod.

Den andre saka eg vil nevne er tibod om fjernundervisning. Her har vi som ambisjonsnivå at alle skulane skal ha hatt minst eit fjernundervisningstilbod retta mot elevar.

Det er bare 7 skular som har gjennomført dette i 2010. Det vert slått fast at dette er eit område som har hatt for lite fokus frå skulane si side og fylkesdirektøren vil følgje opp dette. Det er veldig bra!

Dette er og noko vi har teke opp i utvalet tidlegare under arbeidet med nytt mål og strategidokument, og eg fekk då inntrykk av at ein faktor som kompliserar dette arbeidet er at alle skulane følger ulike timeplanar , sånn at det kan være vanskeleg å passe inn felles undervisning mellom skular. Om dette er tilfelle, ja så meinar AP at dette bør ein kunne gjere noko med ved å samordne timeplanane.

Det vil være ei styrke for skulane å kunne samarbeide om fag dei sjølv ikkje vil kunne tilby aleine. Elevane vil også tjene på dette. Då må ein legge praktisk til rette for at dette er mogleg. For å være best mogleg rusta til å takle elevtalsnedgangen treng vi skular som er fleksible og som tek i bruk dei ressursane dei har.

Om Svein-Ottar Sandal og Krf sitt einsidige verdisyn...

Viser til innlegg av stortingskanditat for Krf,Svein-Ottar Sandal, på Firda-sona der han meinar Krf er nummer ein i kampen for kristne samfunnsverdiar.

Eg syns det er litt spesielt å ha eit politisk parti som til dei grader er så opptekne av einsidige religiøse spørmål. Det er for så vidt bra at Krf vil være nummer ein i kampen for kristne verdiar, men kven skal bestemme kva som er gode kristne verdiar?

Korkje KrF eller andre har monopol på kristne verdiar skriv Trude Brosvik, det har ho sjølvsagt heilt rett i. Dei folkelege, inkluderande kristne verdiane ligg fortsatt i politikken til dei raudgrøne, men ein har og tatt inn over seg at skal ein bygge eit godt samfunn må ein og basere seg på andre verdiar enn kun religiøse.

Eg syns Krf har lett for å gløyme mange andre verdiar som td. repsekt og toleranse for andre religionar, seksuelle legningar, likestillingsspørsmål og så vidare.

Fylkeskommunen går i front i klimaarbeidet!

Tysdag 24 mars vedtok fylkestinget ein Fylkesdelplan for klima og miljø. Det har vore mykje skriveri i forkant når planarbeidet starta opp om at den fylkeskommunale klimaplanen ikkje holdt mål, ja den vart nærmast slakta av ekspertane.

Det har derimot ikkje vore mykje skriveri i etterkant av at planen vart vedteken. Det er vel då grunn til å tru at vi har treft godt med tiltaka våre. Planen er godt forankra i det politiske miljøet og det var stor einigheit om det meste i planen. Dette er ein stor styrke i det vidare arbeidet med klima og miljø i fylkeskommunen.

Eg ønskjer å sette søkelyset på eit par tema som er viktig for meg i dette arbeidet.

Det er viktig at det overordna målet i klimaplanen er i tråd med dei nasjonale måla om reduskjon av klimagass innan det som er regjeringa si målsetjing. Vi i Sogn og Fjordane må være med å ta vår del av ansvaret for at desse måle vært nådd, og eg er difor glad for at det overordna målet i planen er at Sogn og Fjordane fylke skal ta sin del for å nå dei nasjonale måla om å bli klimagassnøytral i 2030. Sjølv om dette er både ein klima og miljøplan så bør me vera tydleg på at det viktigaste perspektivet er kamp mot oppvarming av kloden og drivhuseffekten.

I forslag til plan var det foreslått å opprette eit prøveproskjekt på 3 år for å kunne utvikle indikatorar som kan seie noke om kva retning utviklinga går i høve overordna mål og delsystem. Dette prosjektet heng og saman med kva frist dei ulike sektorane skal ha for å komme med tilbakemelding med konkrete mål for å nå den overordna målsetjinga for planen, og det er eit viktig arbeid som her skal gjerast.

Ap fekk støtte for at dette prosjektet skulle gå over 2 år. Dette fordi det hasta å komme i gang med arbeidet og fordi det er viktig av vi som fylkesting kan følge opp det arbeidet vi har satt i gang. Det er og viktig at dei ulike sektorane så fort som mogleg kjem i gang med dette arbeidet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein stor innkjøpar av ulike varer og tjenester. Det er difor viktig at vi gjer det vi kan for å sikre mest muleg miljøprofil på våre innkjøp. Fra før har fylkeskommunen i 2006 vedteke ein ” Miljøprofil ved det fylkeskommunale innkjøpet” med krav til miljø med vektinga 5-20% på alle anbod. No skal desse krava skjerpast. Ved reforhandlingar og inngåing av nye innkjøpsavtalar skal vektinga av klima og miljøkrav aukast.

I ei tid då stadig fleire er opptatt av miljø er det viktig at dei bedrifter og institusjonar som ønsker å gjere det kan bli miljøsertifisert. Men for å gjere dette må og den kommuen eller fylkeskommunen dei tilhøyre og være miljøsertifisert. Eg tur dette kjem til å bli meir og meir viktig td innan turisme og reiseliv. Miljøfyrtårnsertifisering vil heve miljøstandarden i private bedrifter og offentlege verksemder, noko som kan føre til betre ressursforvaltning og betre miljøprestasjonar.

Det er no det virkelege arbeidet startar , med å følge opp dei ambisiøse måla vi har sett oss. Det er klart at ein plan med så ambisiøse mål, vil kunne verke inn på kvardagen til innbyggjerane i Sogn og Fjordane. Men det må vi være villige til dersom vi skal nå målet
vårt. Eg skal i hvert fall gjere min del.