Jorunn K. E. K. sine bidrag

Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.

Næringsløft i vest viktig for framtidig skule strategi i sogn og fjordane .

Næringsløft i vest viktig for framtidig skule strategi i sogn og fjordane .

Punkt 7 i ap sitt Næringsløft i vest:
Kompetanse og utdanning skal gjennomførast i eit regionalt samarbeid  i tett dialog med næringsliv , undervisnings og forsknings miljøer. 
Det må bli bedre samsvar mellom næringslivet sitt behov og utdanningstilbodet, spesielt innan yrkesfag . 

Videregående skule er meir enn skule i sine regioner

Ungdommen er framtida og ikkje problemet .

Det skortar på pengar. Ungdommen er ikkje eit middel til å oppretthalde skular , det kan kun gjerast med pengar.

Dei videregående skulane i fylket er først og fremst skule, men og viktige kompetansearbeidsplassar i seg sjøl og medspelere til lokalt næringsliv i sine regioner.  Ref. Strategiplan for vidaregåande opplæring. 

I vårt fylke har vi sagt at vgs skal være meir enn skule. Da må debatten dreie seg om korleis vi finn pengar til å videreføre og utvikle vgs som verktøy for utvikling og ikkje nedlegging av viktige kompetanse arbeidsplasser og utviklingsverktøy 

Da er det kanskje andre midler som må til for å opprettholde dagens struktur .

Ungdommen  kan ikkje brukast som verktøy. Ungdommen er framtida.

Høgskulen i samarbeid med næringslivet den viktigaste for utvikling og folketalsauke i Sogn og Fjordane

Det er spennande forslag frå energibransjen å etablere eit nytt studietilbod ved høgskulen si ingeniørutdanning i Førde,tilpassa bransjen sine behov.

Sogn og Fjordane arbeidarparti vil jobbe for å auke antall studentplasser og fleire studier ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er sannsynligvis ei av dei viktigaste oppgåvene dei kommande åra , dersom vi vil ha utvikling og folketalsvekst.

Ungdom søker kunnskap og eit næringsliv i utvikling treng raskere og stadig ferskere kunnskap.
Det er eit dilemma i fylket vårt, ungdom som søker kunnskap reiser ut og finn kunnskap, men det er ikkje arbeid å komme attende til.

Nærleik til høgare utdanning har ein sammenheng med utvikling av eksisterande næringsliv og etablering av nye næringar.

Sogn og Fjordane Arbeiderpartiet vil nytte naturresurser som kan gje oss energi. Det krev kunnskap , forsking og utvikling lokalt.

Eit næringsliv med kort avstand til forsknings og studiestader, har større moglegheit til å lykkast i sitt eige FOU arbeid og samtidig rekruttere kompetent arbeidskraft. Det er naudsynt å bygge kompetanse miljø for å sikre vårt fylke si energisatsing og næringslivet her i fylke tilgang på kompetanse og arbeidskraft.

Dette er trist og avskyleg

Det fins ikkje sterke nok ord for den avskylege handlinga som er utført i Oslo og på Utøya i dag.

Vi må stille opp for kvar andre og aller mest må vi ta vare på dei som har opplevd å miste sine kjære .

Alle blir berørt når nokon går til angrep på uskyldige og heile demokratiet på ein slik måte. Å skape frykt er avskyleg og må takast avstand frå.

Trivsel og gode resultat for born i Sogn og Fjordane

Resultat for trivsel og læring i grunnskulane Sogn og Fjordane viser at fylket har ei fin framtid ;)

Viser til pressemelding fra Førde kommune vedr resultat i grunnskulen i Førde og Sogn og Fjordane opp mot landsstatistikken.

Dette er gledelig og viser at ting vert gjort rett for dei fleste.
Med ein slik situasjon bør alt ligge til rette for at vi og skal kunne dra med dei få som ikkje ligg i den beste delen av statistikken.

Arbeiderpartiet meiner det er viktig og rett å få alle med. Det krev god individuell tilrettelegging heilt fra barnehage og grunnskole , slik at alle skal kunne delta i arbeidslivet voksen alder.

Gode resultat må nyttast til å fokusere videre på det gode arbeidet og målet må være å få alle med i den beste statistikken. Fokus må rettes videre mot dei som treng litt meir for å komme med blant dei som har det best og får det best til.

Ikkje alle skal bli lege eller ingeniør, men alle skal ha ein meiningsfull kvardag og ein jobb å gå til , det grunnlaget må skulen legge, for kvar enkelt.

Heile fylket viser samla sett resultat som gjer at vi må gle oss over at dei fleste borna i Sogn og Fjordane har det bra.

Forventer at regjeringa løyver midler til Førde pakkken

Arbeiderpartiet sikra planleggingsmidler til Førde pakken ved forrige val. No forventer vi at Førde pakken vert prioritert ved neste rullering av nasjonal transportplan.

Det er minst 30 år sida det var laga forslag til det som vert omtale som C alternativet på på e39, ny vegtrase Langeland til Førde.
30 år er lang tid og utviklinga av både store kjøyretøy og Førde har fortsatt. Det same kan ikkje seiast om vegen.

Arbeiderpartiet er for utvikling , ikkje stagnasjon og meiner difor at for å få på plass Førde pakken no, så er det rett å sjå på bompenger, som alternativ finansiering, for å få fart på ei samla god vegløysing som gjer at byen Førde fortsetter å utvikle seg som eit sterkt senter mellom Bergen og Ålesund.

Difor meiner vi at Førde pakken må være ein av dei viktigaste vegløyvingane som får prioritering for oppstart og gjennomføring ved rullering av NTP .

Rådhuset svir allereie. Svar til Høgre

Rådhuset svir allereie

Fleirtalet med Høgre og SV i spissen, støtta av SP og KrF og til slutt Venstre, meiner dei ikkje treng eit økonomisk samanlikningsgrunnlag mellom eige og leige for å vurdere rådhus eller ikkje. Arbeidarpartiet stiller seg framleis undrande til det.

Verkelegheita er at det ikkje er noko tal som seier noko om dei økonomiske grunnane til standpunkta deira. Ikkje då vedtak om å bygge vart gjort, ikkje no når kostnadsgrensene er justert og heller ikkje om verst tenkjeleg skulle skje at kostnaden blir endå høgare.

Førde kommune har i dag ei monaleg lånegjeld. Dei vala vi gjer i dag får innverknad på korleis vi møter behova vi får innan helse, omsorg, barnehage og skule. Arbeidarpartiet sitt forslag om å bruke 275 000 kroner til SFO for borna i Førde , i sommar, vart avvist av bystyret. Heller ikkje forslaget om å bruke Førde kommune sin del av regjeringa sin eldremilliard, som for Førde kommune er 2,2 millionar kroner, på tiltak i eldreomsorga kunne støttast. Det syner at rådhuset allereie svir i kommunen. Det politiske fleirtalet er rimelege nervøse og held att for å møte ein svært usikker kvardag med eit rådhuset i driftsrekneskapen.

Ta ein sjans
Førde har gjort store investeringar tidlegare, Førdehuset er eit døme på det. Mange seier til Arbeidarpartiet at nokre gonger skal vi ta ein sjanse. Ingen angrar på Førdehuset. Arbeidarpartiet gikk også til val på at vi skulle bygge by, sikre vekst, skape utvikling. Mange meiner at rådhuset er eit prosjekt som gir meirverdi for kommunen. Så kvifor denne motsanden?

Eige eller leige
Rådhuset blir sett opp mot dei andre investeringane som Førde må gjere, skule, barnehage, omsorgsbustader, kulturbygg, renovasjon, sentrumsutvikling, kommunale vegar, Førdepakken, næringsutvikling og så kan eg halde fram å ramse opp. Arbeidarpartiet vil ha
reelle alternativ, der heilskapstenking, inklusive dei økonomiske konsekvensane, ligg til grunn for dei vedtaka vi stør. Arbeidarpartiet er ikkje villige til å ofre investeringar som etter vår meining stør vekst og utvikling langt meir enn eit fint hus.

Vil ikkje vite
Det politiske fleirtalet har stilt seg slik at dei ikkje kan argumentere for at det er økonomisk fornuftig å bygge. Dei har konsekvent har stemt imot å få lagt fram leige som eit alternativ. I og med at vi ikkje kjenner sluttsummen på huset, veit vi heller ikkje kva for konsekvensar rådhuset får for dei andre kommunale oppgåvene framover.

Det som er viktig for Arbeidarpartiet sitt politiske arbeid er å sjå alle disponeringar i eit økonomisk lys og så prioritere. Nokre gonger er nei det rette svaret.

Eigne heimehjelper

Eigne heimehjelper

Verdig eldreomsorg handlar om tryggleik og innverknad på eige liv, også for eldre som bur i eigen bustad med hjelp frå kommunen sine helse- og omsorgstenester.

Arbeidarpartiet meiner at det er eit mål at alle eldre som ønskjer det skal få bu heime så lenge som muleg, sjølv om det krev tilrettelagt hjelp frå kommunen. Tilrettelegging kan vere ulikt frå brukar til brukar. Likevel må det leggast nokre kvalitetskrav til dei tenestene som vert ytt frå kommunen si side. Ein kvalitet som mange eldre treng er eigne heimehjelparar.

Hjelp til eldre i eigen heim er eit individuelt behov, som krev ulik kompetanse frå fleire fagpersonar, for å sette saman eit komplett tilbod. Den eldre har ikkje berre eiga helse som krev støtte gjennom sjukepleie, ergoterapi eller ernæringsfysiologi. Det er utfordringar som krev vaktmeister, sosionom, heimehjelp eller omsorgshjelp. Denne måten å møte eldre sine behov på krev andre måtar å organisere hjelpeapparatet. Å forankre ei slik omlegging politisk blir nødvendig for at ein i neste omgong tek dei nødvendige budsjettmessige grepa.

Ved god individuell planlegging og tilrettelegging er det sannsynleg at behovet for heimehjelper er større enn for nokon av dei andre fagpersonane. Nettopp fordi denne yrkesgruppa kan vere eit viktig bindeledd for behov hos den eldre som krev ulike hjelp, anten det gjeld liv og helse eller daglegdagse gjeremål. Det utfordrar kommunen med om syn til rekruttering.

Likevel trur Arbeidarpartiet at nøkkelen til suksess ligg i at den eldre har sin eigen heimehjelp. Skal heimehjelparane vere dette bindeleddet må det vere kontinuitet i brukar og hjelpar forholdet. Det handlar om å lære brukaren sine behov å kjenne. Gjennom regelbunde kontakt utviklar personalet eit profesjonelt kjennskap til brukar og som er heilt naudsynt for å gi korrekte tilbod.

Aldersdemens er forventa vil auke hos eldre. Også mellom desse meiner Arbeidarpartiet at det er viktig at dei kan bu heime lengst muleg. Demens sjukdom utfordrar hjelpeapparatet med ma. faste rutinar og kjende hjelparar. Difor må faste og få hjelpearbeidarar inn i heimen til den einskilde brukar vere den utviklinga som må prioriterast.

Arbeidarparti har meiner kommunen må sjå på innhald og organisering av morgondagens heimetenester, slik at brukar får ferre å forholde seg til.

Politisk kafé, Bakpå eller frampå i næringsarbeid

Tirsdag 11. mai 2010 kl. 18.00 til 20.00, Førdehuset

Det er ei kjensgjerning at folketalsutviklinga i Førde stagnerer, fleire tomme lokale står utan verksemd og teknologiarbeidsplassar har gått tapt. Dersom viktige helsearbeidsplassar ved Sentralsjukehuset også står i fare, så kan Førde kommune gå rakst mot i ei krise.

Førde Arbeidarparti har utfordra stortingsrepresentant Thor Lillehovde til å sei noko om det som kjenneteiknar ein kommune som går i ”dvale”, når veksten stagnerer og det er behov for å ta grep.

Thor Lillehovde tok over som ordførar på Ringsaker i 1991. På det tidspunktet hadde 1300 arbeidsplassar forsvunne frå kommunen. Var det krise eller mulegheit ? Lillehovde var ordførar fram til 2007, så noko må ha skjedd .

Ringerike hadde gløymt dei små og stolt på dei store verksemdene. Det skulle vise seg å vere feilgrep. Mulegheitene låg i alle dei verksemdene som kommunen hadde gløymt.

Thor Lillehovde er i dag Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og han har klare meiningar om kva for medisin som må til. Han vil dele historia si oss, kva han som ordførar gjorde og kva som gav resultat . Lillehovde er kjent for arbeidet med å snu Ringsaker frå krise til mulegheit.

Næringsarbeid er politisk prioritering og beinhardt arbeid. Resultata kjem ikkje rekande inn på ordføraren sitt kontor. – Stikkord er å skape glød og engasjement, seier Lillehovde. – Spele på lag med næringslivet og forankre endringar hos alle.

Thor Lillehovde kjem til politisk kafé tysdag 11. mai og deler kunnskap sin med oss. For meir informasjon ta gjerne kontakt

Mvh
Jorunn kirketeig
Mob 91144966
Gruppeleiar Førde arbeidarparti

163 søkere til 80 læreplasser i industrien

163 søkte læreplasser til industribedriftene når søknadsfristen gjekk ut 1 mars. I løpet av våren vil 80 av desse få tilbod om læreplass i ei av lærebedriftene som er knytt til PRO opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri. Søkjarae fordeler seg på mange fagområder, kjemiprosess, produksjonsteknikk,CNC, kontorfag, industrimekanikar, sjå www.pro.sf.no for full oversikt.

PRO sin påske quiz

000Paaske

Siste frist for å delta i vår påske quiz er måndag 05 april.

For å delta må du sende inn svara dine på e-post til ajdin.bahonjic@pro.sf.no

Den som har flest poeng vil få tilsendt ein iPhone 3G S 16Gb. I tillegg vert det sendt ut 10 trøstepremiar til dei 10 som har nest beste poengsum . Er det fleire som har same poengsum, vert det loddtrekning mellom dei .

Du kan også følge oss på facebookgruppa vår PRO opplæringskontoret, da må du legge deg inn som medlem der. Kanskje finn du nokre av svara der og.

Lærarar frå teknikk og industriell produksjon – TIP, og instruktører frå PRO bedrifter har vore på studietur til BASF. Studiebesøket er ein del av samarbeidet i forbindelse med utvekslingsavtalen PRO har med BASF.

10 år har lærlinger i PRO kunne deltatt på utveksling i ein månad hos den tyske industri giganten BASF. I år var to lærlinger frå Hydro i Høyanger, ein frå Hydro i Årdal og to frå Peterson i Trondheim med på utvekslinga. Dei har vore der i ein månad. Dei kom heim torsdag etter å ha vore på BASF i Ludwigshafen i heile mars.

politisk kafe , visjon for Førde framover

Tirsdag 9. mars 2010 kl. 18.00 til 20.00, Førdehuset

Førde framover har gjort ein flott jobb .
Dei har peika på mykje som vi må ta med inn i det politiske arbeid, men og som kvar og ein av oss kan ta med i den kvardagen vi vil forme for oss som bur i Førde og for dei som kjem på besøk til oss på jobb, ferie, fest og moro, idretts arrangement eller rett og slett for å besøke slekt og vener, fordi at akkurat i Førde bur det folk fra nært og fjernt og alle har like rettar til å være med å forme byen framover.( lang seting, no kan du puste ut ;).)

Stikk innom du og , del diner tanker og ønsker for ditt Førde i 2020 og lengre med.

Tema : Visjon for Førde framover
Innledere er Anne mette Hjelle og John Helge Lunde.

Denne gangen arrangerer Førde arbeiderparti politisk kafe i lag med alle politiske parti i Førde og Førde Framover.

Søk læreplass no !

1 mars går fristen ut for å søke læreplass. Pass på at din søknad er registrert på www.vilbli.no.
De som skal søke læreplass i industrifaga håper vi vil søke til oss. Da må du i tillegg søke via vår heimeside www.pro.sf.no .

Har du eit ønske om å ta studiekompetanse i læretida ber vi om at du skriv det i søknaden til oss.

Ha ei god helg, bruk den ativt til å sikre deg læreplass ved å søke seinast søndag kveld.

mvh
pro opplæringskontoret industrifag
jorunn

Politisk kafe

Tirsdag 9. februar 2010 kl. 18.00 til 20.00, Førdehuset

POLITISK KAFÉ

FØRDEHUSET TYSDAG 09 februar I KL. 18.00–20.00.

TVERRPOLITISK KAFÉ FOR ALLE

Tema denne gong er rus

Innleiar:

om situasjonen i Førde i dag

om rehabilitering

frå rus helvete og heim igjen v/ Ole Johnny Farsund

FØRDE ARBEIDARPARTI

Gruppa

www.dna.no

Studiearbeid, vegpakke Førde inkl. E39

Onsdag 18. november 2009 kl. 18.00 til 19.30, Rica Sunnfjord Hotel, Førde

Vi inviterer alle som sa seg interesserte i å vere med å jobbe videre med å “teikne” gode vegløysingar i Førde og E39 til og frå Førde til første studiesamling onsdag 18. november. Ta gjerne med skisser og idear.
Om du ikkje fekk høve til å vere med sist, er du velkomen til å delta i det vidare arbeidet.

Medlemsmøte Førde Arbeidarparti

Onsdag 18. november 2009 kl. 19.30 til 21.00, Rica Sunnfjord Hotel og Spa

Førde kommune sitt budsjett for 2010 er viktig reiskap for korleis vi priorterer bruken av midlane til beste for innbyggjarane i kommunen. På medlemsmøte vil Førde Arbeidarparti jobbe med budsjettet og gjere våre prioriteringar, både investeringsbudsjett og driftsbudsjett. Førde kommune sin Klima, miljø og energiplan er lagt ut, vil vil gå gjennom den i møtet. Innspel blir tatt med fram mot endeleg handsaming i bystyret i desember.

Godt, sikkert og tilgjengeleg helsetilbod må være kampsak nr 1 for alle stortingspolitikarar frå Sogn og Fjordane.

Godt, sikkert og tilgjengeleg helsetilbod må være kampsak nr 1 for alle stortingspolitikarar frå Sogn og Fjordane. Det er ikkje til å tru når FRP seier dei er godt kjent med alle tilhøve rundt sentralsjukehuset og ikkje finn det urovekkjande at 70 sengeplassar ved sjukehuset er tekne bort. 70 sengeplassar betyr over 25 200 liggedøgn per år! Så dramatisk har ikkje folkehelsa i Sogn og Fjordane betra seg enn at dette betyr udekte helsebehov. Sjølv om mange har fått tilbod ved dagkirurgi og poliklinikkar, så er det òg tilbod som er tatt heilt vekk. Dermed pasientar som enten står utan tilbod, eller som må reise ut av fylket for å få hjelp. Er det ein god situasjon for innbyggjarane i fylket vårt ?

Meiner fylkespolitikarane noko med at fylket treng fleire kompetanse arbeidsplassar, så har dei ei svert god sak ved å bry seg med sentralsjukehuset. Sjukehuset har 1200 sysselsett, det er den største kompetanse arbeidsplassen fylket har. Det er ikkje uvesentleg dersom kompetansen systematisk vert redusert. Denne kompetansen er avgjerande for kvaliteten i kommunehelsetenesta, avgjerande for svake pasientgrupper som ikkje har aksjonsgrupper i ryggen, for forsking og for rekruttering til eigne sjukehus.

Eit fylke utan spesialisthelsetenester er eit enormt tilbakesteg i helsetilbodet. Dei som meiner dette kan ikkje ha oversikt over kva spesialist tenestene betyr for folk flest og det samla helsetilbodet. Det er på tide at våre fremste politikarar deltek i debatten og skaper balanse i opiniondanninga. I dag kan ein får inntrykk av at aksjonsgrupper og marginale meiningsytringar har større innverknad på prosessane enn ansvarlege politiske grep.

Både som politikar på fylke og lokalt forventar eg at alle som har tenkt seg på tinget har som jobb nr 1 og sikre helsetilbodet og arbeidsplassane knytt til sentralsjukehuset, med same engasjement og arbeidstyngde som har blitt vist dei to lokalsjukehusa.

Førde Arbeidarparti sitt syn ligg fast. Med dagens føretaksmodell vil det vere ein god start å støtte styret i sitt arbeid. Utover det bør det vere ein felles kamp å sikre finansieringa for helseføretaket vårt, med dei utfordringar vi har, geografi, mange små helse einingar sprett utover i eit fylket og eit lågt folketal.

Like viktig som å sikre spesialist helsetenestene i fylket, er å ta på alvor samhaldlingsreforma. Den viktigaste bodskapen i denne reforma er god arbeidsdeling og samhandling mellom ulike nivå i behandlingskjeda. I Sogn og Fjordane er vi i ferd med å kutte denne kjeda på fleire viktige stader.

Jorunn Eide Kirketeig
Fylkespolitikar og
lokalpolitikar for Arbeidarpartiet

Samferdsleministaren vs. Helseministaren

Det er både urettferdig og ufint av Navarsete å ikkje fortelje kva ho har tenkt å drøfte med helseministaren. All den tid ho har bedt helseføretaket om informasjon som skal brukast på eit avtalt møte, er dette ikkje lenger ein privat samtale. Det er heller ikkje noko grunn til å tru at samferdsleministaren har innhenta desse opplysningane som privatperson. Navarsete må difor kunne stå fram å fortelje kva det er med desse omleggingane i Lærdal som gjer det aktuelt å drøfte dette med helseministaren.

Erfaring så langt syner at når framståande politikarar har stilt spørsmål ved føretaktstyret i Helse Førde sine prioriteringar og vedtak, har det betydd trenering, press og problematisering og i all hovudsak gjeld dette saker som er driftsrelatert. At Jorunn Ringstad reagerer med å be samferdslestatsråden forklare om det er så at ho meiner føretaksmodellen er feil, så er det ein heilt rimeleg reaksjon. Det er i så tilfelle eit naturleg nivå å føre samtalane på, når det er snakk om samtalar mellom to statsrådar.

Det å løfte driftsspørsmål fram for helseministaren kan ikkje tolkast på anna måte enn at samferdsleministaren har mistillit til leiing og styre i Helseføretaket. Navarsete må forstå at det er slik det blir oppfatta. At ho vel å tolke dette som hysteri, seier meir om hennar dømmekraft i denne saka enn om Clara Øberg og Jorunn Ringstad.

ungdommen vel lærebedrifter der dei får bruke både hovude, hjarte og hendene

Mi påstand er at dei bedriftene som er bevisst på rekruttering og veit at det er menneske som er det viktigste faktoren er dei bedriftene som også lykkas som lærebedrift.

Gode lærebedrifter lar lærlingen bruke både hode, hjarte og hendene. Ryddige lønns og arbeidsforhold er ein sjølsagt ting i dag.

Det er mangel på fagfolk i dag. Den mangelen kjem til å bli enda større i framtida, fordi ungdomskulla vert mindre. Det bør være eit varsku til mange.

Min spådom er at kampen om fagfolka blir knall hard .

Trur du at ungdommen står med hua i handa og er glad om du vil ta ein prat med dei , gløm det, du er vekk i lag med bedrifta di om få år, fordi du kjem til å mangle fagfolk.

Frå skog til biovarme

Mandag 17. august 2009 kl. 10.00 til 16.30, Hotel Alexandra

Korleis kan skogen vår bli ein verdifull ressurs gjennom auka
bioenergisatsing i Sogn og Fjordane ?
Vi inviterer alle interesserte til ein spennande bioenergidag !

PROGRAM

1000 Velkommen Ordførar i Stryn Nils Petter Støyva

1005 Innleiing Skognæringsforum :Leiar Jorunn Kirketeig

1015 Potensiale for virke til Fylkesskogmeister Merete Larsmon ,bioenergi i Sogn og Fjordane

1035 Kva skjer i Sogn og Fjordane ? Prosjektleiar bioenergi Arnt Laukeland

1055 Støtteordningar Bioenergi Innovasjon Norge:Trond Hammeren/Rune Henjesand

1115 Støtteprogram for biovarme Enova, Rådgjevar Andreas Stokke

1135 Kaffipause

1150 Bioenergi i Norge Nobio, dagleg leiar Cato Kjølstad – —-
-utfordringer og muligheter

1210 Efaringar med organisering, drift AT-skog, Utviklingskonsulent
og økonomi i fjernvarmeanlegg Ole Christoffer Røste

1240 Betra rammevilkår for uttak Næringskomitèen på Stortinget:
av skog til bioenergi Leiar Ola Borten Moe

1310 Lunsj

1410 Erfaring med etablering og drift av Styreleiar Jan Træen
Stryn Fjernvarme AS.

1425 Planar om fjernvarmeanlegg Fjord Miljøenergi AS:
i Førde Dagleg leiar Trond Kvernevik

1440 Strategi for bruk av bioenergi Tine Meierier : C. Fremstad/Thorkild Heieren (?)

1500 Paneldebatt Fylkespoltikarar-listetoppar

1550 Oppsummering Fylkesordførar Nils R. Sandal

1630 Slutt
Påmelding til Skognæringsforum ved:
Inger Marie Svingeset, 918 86113 eller Ragnhild Lunde, 905 72156
norbygd@online.no ragnhild@otenden.no
INVITASJON til Bionergidag 17. august 2009 kl. 10 -1630

Konferanseavgift : ingen , lunsj er inkludert

Likeverdig pris og produkt på flytilbod på kortbane og stamflyplass

Det må være eit krav til flyselskap, som får konsesjon på kortbanenett, at dei skal tilby rabatter og produkt som gjer oss i distrikta eit likeverdig tilbod, med dei som kan bruke dei store flyplassane. At det kun er eit flyselskap, som flyr på ein flyplass, må ikkje gå utover pris og produkt.