![]() |
Tor B. sine bidrag | ||
Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.
Sogn og Fjordane er fylket som toppar mange skulestatistikkar, har dei høgaste fødselstala pr. kvinne, har minst kriminalitet, lågast arbeidsløyse og relativt små sosiale utfordringar.
Kort sagt, toppar dei gode statistikkane og er på botn på dei dårlege statistikkane.
Med bakgrunn i nemnde statistikkar har folk i Sogn og Fjordane sterke forventningar til styringa av landet.
Når eg møter folk engasjert i reiseliv, i kraftforedlande industri, i fiskematproduksjon, innan maritime næringar og i verkstadindustrien, kort sagt i mykje av arbeidslivet vårt, ja då er signalet; Hold orden i økonomien!
På grunn av den internasjonale gjeldskrisa så er kjøpekrafta i verda rundt oss under sterkt press. Difor må me for alt i verden unngå ein for sterk kronekurs! Varene som me skal selja i utlandet vil bli for dyre.
Det er ein hårfin balansegang mellom ei ukontrollert bruk av oljepengane våre og konsekvensar for eit høgt tal arbeidsplassar i heile landet og særleg i Sogn og Fjordane.
Norsk næringsliv står godt rusta til å møta ein internasjonal konkurranse. Det er ikkje slik at dagens skattenivå er den største trusselen mot våre arbeidsplassar, men ei velmeinande og ukontrollert bruk av oljepeng er trusselen når det motsatte er viktig. Eg er samd i at det er både lett og freistande å seia ja til dei mange gode og naudsynte føremåla som me dagleg ser. Men prisen blir høg å betale når det går utover arbeidsplassane våre.
Norsk økonomi er inne i ein konjunkturoppgang med nedgang i arbeidsløysa. Då er det dårleg politikk å gje økonomisk gass.
Under finanskrisa for nokre år sidan var situasjonen ein annan. Då dempa ein ekspansiv finanspolitikk det økonomiske tilbakeslaget, men førde samtidig bruken av oljeinntektene opp på eit nivå langt over det vedtekne politikken på 4% av avkastninga på fondet.
Det var rett politikk den gongen. No er situasjon stikk motsatt. Difor er økonomisk måtehold no viktig og riktig politikk for verdiskapinga, kostnadsnivået og arbeidsplassane våre.
Ap sin finanspolitikk er altså tilpassa utfordringane. Denne norske samfunnsmodellen verkar svært godt. Frå 2005, då Stoltenberg og Ap tok over, er det skapt 250000 nye arbeidsplassar. 3 av 4 utanfor offentleg sektor.
Mitt forsiktige ønskje er at heile høgresida kunne tilpassa bruken av oljepeng til utfordringane. Det er ikkje slik at meir bruk av oljeinntektene er svaret på alle spørsmål, både i motgang og i medgang slik som Frp sine svar på utfordringane er.
Eg registrerar at Høgre og Frp dagleg snakka om den nye kursen som skal førast etter 2013, men maken til sprik på eit viktig politikkområde skal ein leite langt etter. Det lovar ikkje godt for arbeidsplassane våre om så gale skulle skje.
Arbeidarpartiet er målretta og tydleg på fellesskulen. Me har avblåst privatiseringseksperimentet til Høgre og har no fått ein svært positiv utvikling i skulen.
Sverige har gått motsatt veg, og har ein sterk vekst i private skular som har gitt ein høg grad av inndeling av elevane i ulike grupper. Dette virkar klart negativt på elevprestasjonane.
PISA-undersøkingane og andre internasjonale undersøkingar visar tydleg at resultata i lesing, matematikk og naturfag no har endra seg i svært positiv retning etter at Stoltenberg og Arbeidarpartiet overtok makta etter Bondevik og høgresida i 2005.
Det er med stor glede me ser svært gode skuleresultat spesielt i Sogn og Fjordane.
Me har lagt vekt på tidleg innsats gjennom ei sterk barnehagesatsing. Det er dokumentert at barnehagedeltaking gjev gevinst for språkutviklinga og i neste omgang også leseferdigheitene i skulen.
Vidare ser me gode resultat av satsinga på kompetanseutvikling for lærarar og rektorar.
Truleg er det denne satsinga på rektorutdanninga, eit varig system for vidareutdanning, meir fokus på leseopplæringa, eit eige opplegg for å støtte nyutdanna lærarar og kompetansen i klasseleiing som er nokre av grunnane til dei gode resultata i Sogn og Fjordane.
I botn for ein god skule ligg den norske fellesskulen som sikrar elevane eit godt startgrunnlag i livet.
Det er dette Arbeidarpartiet er opptatt av i skulepolitikken og vil vidareføre.
For Sogn og Fjordane Arbeidarparti
Åshild Kjelsnes, fylkesordførarkandidat
Tor Bremer, stortingsrepresentant
Hovudmåla i skulepolitikken er at elevane skal lære meir, meistre, trivast og gjennomføre vidaregåande opplæring.
Me er opptatt av å utjamne den sosial ulikskapen i skulen og gje alle like muligheiter til å lukkast i utdanningssystemet. På den måten kan ungdommen skape seg eit godt grunnlag for livet og leve av eige arbeid.
Arbeidarpartiet har tre fokusområde:
- Tidleg innsats: Me må investere meir i dei minste og gje alle ein god start. Difor må me kjempe mot ”vente og sjå” – holdningar i skulen slik at elevane får raskt den nødvendige støtten dei treng for å lære.
- Auka kvalitet i heile utdanninga : Arbeidarpartiet vil kjempa for høgare lærarkompetanse og bedre leiing som er to av fleire satsingsområde for å sikre gjennomgåande høg kvalitet i skulen i alle kommunar.
- Ein meir variert og praktisk skule: Elevane lærer på ulike måtar og treng difor varierte utfordringar for motivasjon og meistring. Dette er hovudspora i dei endringane me arbeider med i heile skuleløpet, men særlig i ungdomsskulen og vidaregåande er dette viktig.
Dette arbeidet ber me i valet om tillit til å kunne fortsette.
For Arbeidarpartiet:
Åshild Kjelsnes-fylkesordførarkandidat
Tor Bremer- stortingsrepresentant
Den grunnleggande viktigaste saka for alle dei europeiske enkeltstatane og for Europa i sin heilskap er spørsmål knytt til fred og stabilitet, demokrati og menneskerettar.
Dersom ein over tid skal lykkast med dette temaet så må kvart enkelt land både enkeltvis og i lag føre ein kontinuerleg dialog om desse samfunnsmessig grunnleggjande sakene.
Historiebøkene våre dokumenterer på ein god måte kvifor det er naudsynt. I historisk samanheng så er det nemleg slik at demokrati, menneskerettar og fred og stabilitet i Europa er unntaket og ikkje hovudregelen.
Europarådet er for mange av dei 47 medlemslanda ein skule i demokratibygging.
Det var difor naturleg for den sosialdemokratiske grupperinga for ei tid sidan å kommandere søsterpartiet i eitt av dei nye demokratia tilbake til parlamentet etter at dei saboterte det demokratiske valresultatet som dei tapte.
Val er noko ein må tole både å vinna og tapa. Uansett så må ein vere lojal mot folket sin dom og demokratiet.
Den europeiske menneskerettsdomstolen og konvensjonen er det som utgjer den store skillnaden til dei andre europeiske institusjonane.
Av den grunn er eitt av dei mest sentrale punkta på arbeidsplanen til Europarådet å få på plass mekanismar som sikrar at medlemslanda oppfyller sine forpliktelsar i forhold til Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Europarådet har difor fått på plass handlingsplanar til støtte for menneskerettar og demokratibygging i dei nye demokratia.
Men det er også slik at svake institusjonar innanfor rettsvesenet med følgjande diskriminering av minoritetar og andre utsatte grupper er gjennomgangsmelodien i mange av dei nyaste medlemslanda.
Thorbjørn Jagland som generalsekretær, har hatt stor entusiasme for å få EU engasjert i dette arbeidet.
Det er difor av stor verdi når EU no har bestemt seg for å slutte seg til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og finansiere arbeidet med handlingsplanane retta mot dei nye demokratia.
Europarådet er no midt inne i ein krevjande reformprosess. Eg brukar ordet krevjande fordi det ikkje alltid er plankekøyring å endra på politiske strukturar.
Når reformprosessen likevel får brei oppslutning så er det fordi Europarådet sitt viktige arbeid vil bli meir relevant og målretta.
At Europarådet i lag med OSSE (organasisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa) og EU lukkast med sitt arbeid vil definitivt vere eit viktig bidrag til eit av dei viktigaste måla i europeisk politikk, nemleg fred og stabilitet i Europa. Dette må difor også vere eit viktig arbeid for norske parlamentarikarar.
Frp sitt framlegg om å forby hijab har fått meg til å tenka på tidlegare forbud mot diverse kledsplagg
Eg minnest forbodet i Kina i 1996 mot dei gule t-skjortene. ”Human rights in China now”, var slagordet den gangen.
Under andre verdskrigen innførde okupantane i Norge det komiske forbudet mot raude nisselue.
Og det ikkje så mange år sidan det var ein by i Frankrike som prøvde seg på eit forbod mot jeans, mot olabukser.
Og no har me altså fått eit kreativt forslag frå Framstegspartiet..jaja. Det føyer seg i alle fall godt inn i rekka av tidlegare lite gjennomtenkt forslag.
Alle menneske har rett til ytrings- og religionsfridom, og til individuell fridom.
Forbod mot bruk av spesielle plagg eller religiøse symbol er etter mitt syn ei krenking av grunnleggande rettar.
Eg registrerar at motstandarane av hijab vekslar i sin argumentasjon. Nokon er utilslørt og tydleg antiislamsk, andre dekkar seg finurleg bak argumentet om å opprettholde ein sekularisert stat, og for likestilling – og på den måten underordna både religions- og ytringsfridom.
Muslimske jenter som brukar hijab og argumenterar for det med at dei føle seg både trygge og komfortable med det, blir avfeia med at dei er hjernevaska.
Men kva er skillnaden mellom tvang og hjernevasking og kultur?
Eg tvilar på at Frp har tenkt igjennom at å innføre forbod mot eitt religiøst/kulturelt symbol kan i neste omgang medføre nye forbod.
Eller er det nettopp det forslagsstillarane har kalkulert med..?
Etter mitt syn er dette difor noko som vedrøre ikkje berre muslimar, men også jødar, kristne og andre religionar.
Det finnst ei tydleg grense for religionsutøving. Din religionsfridom stoppar der den krenkar min.
At muslimar vil bruke hijab truar imidlertid ikkje min religionsfridom. Å forby hijab for born i skulen er derimot ei krenking mot individet sin rett til å utøve si tru, og det er eit brot på menneskerettane,
Eg vil råde Frp sterkt til å sette seg inn i kva hijab står for i dag og har betydd i historisk samanheng.
Historien om slør for kvinner går tilbake til assyrisk tid, altså meir enn 3500 år. Gradsvis vart slør inkorporert i jødedom, kristendom, og til slutt islam.
Noko religionsspesifikt slør fikk me ikkje før det nye sløret, eller hijaben, ble utforma i Midtøsten på 1970-tallet.
Den norske hijab-debatten gjer kvinner med slør til uforståelige ekstremister, men eg vil minna om at hijab symboliserer alt fra fromheit til motstand, frigjøring og tvang.
Då Frp sitt framlegg dukka opp, og spesielt argumentasjonen, så slo det meg at det er veldig lik kva engelskmennene og franskmennene som koloniherrar la vekt på då dei ville ”frigjera” kvinnene fra det dei mente var eit slaveliknande tilvere.
Eg har lyst å påpeika at mangfold og toleranse er dei viktigaste prinspippa i den norske skulen.
Eit evt forbod mot hijab i skulen vil for dei som blir råka opplevast som ein unødvendig konfliktsituasjon.
Ser ikkje Frp at mange born vil kunne oppleve å måtte bryte lojaliteten overfor familien for å kunne gå på skulen?
Kva tilhørigheit vil dei då føle til den norske fellesskulen som bygge på nettopp toleranse og innkludering?
For meg er ikkje spørsmålet om forbod eller ei som er det viktigste, men at skulen fremmjar forståing for religionsfridom og for toleranse i forhold til andre religioner.
Berre viss elevane får kunnskap om andre religionar, kan dei utøve den lovfesta retten som dei har til religionsfridom.
Korleis i all verda skal eit barn kunne velgje religionen sin fritt, viss det bare kjenner til ein relegion?
Forsking har gjort det muleg å snu store utfordringar til openbare fortrinn: Store avstandar og spreitt busetnad har gjort Norge leiande innan bl.a. satellittkommunikasjon og telemedisin.Høgt kostnadsnivå og knappheit på arbeidskraft har tvunge fram smarte løysingar i heile arbeidslivet. Nordområdesatsinga og forskingsfasilitetane på Svalbard har gjort desse områda attraktive for forskarar frå alle verdsdelar.
Forskinga er en del av kunnskapspolitikken vår, og det er menneske som skal drive kunnskapssamfunnet framover.
Regjeringa har difor dei siste årene satsa sterkt på å opprette nye studieplassar for å kunne gi tilbod til dei store ungdomsgruppene som strøymer til høgare utdanning.
Fra høsten 2011 foreslår regjeringa å opprette 2200 nye plasser.
Opposisjonen aukar løyvingane til drift av universiteta og høgskulane, men utan å vere i nærleiken av å målretta midlane.
Med eitt unntak har også vår regjering auka disse budsjetta årlig , men med pengane har det også følgt krav om ei tydlegare leiing, arbeidsdeling, målretting og samarbeid.
Opposisjonen sitt bidrag til debatten om korleis løfta kvaliteten på forskinga og den høgare utdanninga, som er den største utfordringa i sektoren, har altså så langt avgrensa seg til berre å ropa om meir peng og faktisk nedprioritera styringa ved å bruke den akademiske fridomen som unnskylding.
Eg vil sei at det er veldig utypisk spesielt av Høgre og det er eit svært dårleg politisk handverk.
Eg vil gi honnør til Universitetet i Oslo for å engasjere konsulentfirma McKinsey til å gå gjennom organisasjonen, og få dei til å peika på korleis nå det ambisiøse målet om å bli eit leiande internasjonalt forskingsuniversitet.
Konklusjonen på denne gjennomgangen, som er kan overførast til heile sektoren, er at skal ein nå så ambisiøse mål, så går vegen gjennom ei tydleg fokusering på kvalitet. Av dei fire viktigaste drivarane for god kvalitet så kjem finansieringa, som høgresida berre fokuserar på, først nede på 4.plass.
Det aller viktigaste er å vere tydleg på leiarfunksjonane innan den forskingsbaserte høgare utdanninga. Men det er ikkje nok å ha gode individuelle leiarar, dersom leiingssystema bygd på ei felles plattform i organisasjonen manglar. Det er også avgjerande viktig å tiltrekke seg og utvikle akademisk personale på høgt nivå. Difor krevst det både høg kvalitet og tydleg leiing på institusjonsnivå. Dette forholdet blir godt synleggjort der ein mellom anna har satsa på ekstern styreleiar og tilsatt i staden for valt leiing.
Det er dette me i Ap peikar på i debatten om korleis løfta kvaliteten i den høgare utdanninga. Her er det ein tydleg skilnad mellom regjeringspartia og høgresida. Eg vil peika på at under den raudgrøne regjeringa har løyvingane til forsking og utvikling sidan 2005 hatt ein formidabel realvekst.
Ei av godnyheitene i dette budsjettet er at 3 av dei forskingsinstitutta som har stått utanfor den statlege grunnfinansieringa, Uni Rokkansenteret, NTNU Samfunnsforsking og Frichsenteret for samfunnsøkonomisk forsking, no er innanfor og får ei statleg basisfinansiering.
Det vil bidra til meir rettferdige konkurransevilkår i sektoren, og vil naturlegvis vere eit viktig handslag til den nasjonale forskinga. I løpe av dei siste tiåra har Norge gjennom ei systematisk satsing på forsking skapt nye næringar som olje og gass, havbruk og IKT. Denne systematiske satsinga på forsking må difor naturlegvis aukast. Forskinga har også ein eigenverdi og det er slik at vår sivilisasjon byggjer på den innsikten som forskinga har skapt.
Kampen mot fråfallet i den vidaregåande skulen må starta i barnehagen. Det er mange grunnar til det, men eg vil understreka kor viktig det er at skulen og barnehagen no har felles verdigrunnlag.
Det betyr at barnehagane har fått eit mykje tydlegare samfunnsmandat, samtidig som me slår fast at barnehagane skal vidareføra eit heilheitleg læringssyn, der leik og omsorg, læring og danning er fundamentet for barna sin allsidige utvikling.
Desse verdiane har vore, og skal vere, eit særtrekk ved den norske barnehagetradisjonen.
Dette er kvalitetar som går som ein rød tråd i Soria Moria-erklæringa.
Eg må tilstå at eg blir både stolt og ikkje så lite audmjuk når eg besøker barnehagar som til dømes, Gamlestova barnehage på Hafslo, der mi dotter Anna Maria på langt over 3 ½ år går.
Eg opplever der eit sterkt engasjement frå personalet si side i forhold til jobben, eg opplever ein sterk lojalitet til rammeplan og ein entusiasme for barnehagen sitt samfunnsoppdrag.
Det har dei siste åra vore eit godt samspel mellom sentrale og lokale myndigheiter i forhold til å få på plass full barnehagedekning og retten til ein plass.
Difor har eg også stor tiltru til at me skal kunne vidareutvikle barnehagen når det gjeld den kvalitetsmessige sida.
Den nye formålsparagrafen for barnehagen er mykje meir inkluderande og bygger på ein grunnleggande respekt for at me lever i eit fleirkulturelt og mangfaldig samfunn.
Det betyr at me må praktisere felles verdiar som likeverd og solidaritet på tvers av ulike kulturar.
Men skal me klara det så treng me fleire førskulelærarar og nok tilsette med barnefagleg og barnehagefagleg kunnskap.
For ei kort tid sida fekk eg gleda av å sjå korleis Sogn Regionråd gjennom eit nasjonalt nybrottsarbeid tar tak i kvalitetsutviklinga i barnehagane i sognakommunane.
Saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Nav og Utdanningsforbundet, tar kommunane ansvar for leiarutdanning av styrarane, dei assisterande styrarar, dei pedagogiske leiarane og leiarane på kommunenivå.
Dei dannar faglege nettverk på regionnivå for å realisere dei sju fagområda i rammeplanen.
Dei fokuserar på kreative barnehagar med fokus på nyskaping og entreprenørskap. Dette er gode eksempel på godt arbeid i kommunane!
Dette nybrottsarbeidet til Sogn Regionråd, der ein ser heilskapen i skule-og barnehagesektoren, vil i neste omgang bidra til å redusera fråfallet i vidaregåande skule.

Siv Jensen (Frp) og Erna Solberg (H) seier i Dagbladet 25. november at dei er komne mykje nærmare kvarandre politisk. Kva betyr dette for skule-Norge?
Høgre si ideologiske fanesak er å opne for fleire privatskular. Det viste dei då dei sat i regjering sist. Under trontaledebatten på Stortinget innrøma også Solberg at ho gjerne ville sette igang det same privatskulefrisleppet som sist. Framstegspartiet er enig. Dei vil bruka 70 millioner ekstra i tilskot til private skular i sitt alternative budsjett i år, samtidig som dei kuttar i blant anna den offentlege grunnopplæringa.
I praksis betyr dette at Høgre og Framstegspartiet vil varig endra skule-Norge. Vi risikerar å gå frå ein god offentleg fellesskule med nokre få private supplement, til ein offentleg fellesskule med eit uoversiktleg tall privatskuleinnslag, også kommersielle.
Det vil svekka innholdet i fellesskulen fordi det vil tappa den for ressursar. Då vil dei som har råd til det, velge privatskular for sine born, og spiralen blir sjølvforsterkande. Over tid betyr det eit A-lag og eit B-lag i skulen.
Noko av det første vi gjorde i regjeringskontora var å stoppa privatiseringspolitikken til høgrepartia.
Vi sier nei til privatisering av skulen og ja til ein god offentleg felleskule for alle. Samtidig vil vi vere dei fremste kritikkarane av fellesskulen, for å fornye og forbedre den. Vi har høge ambisjonar på vegne av alle elevane i fellesskulen. Difor styrkar vi skulen med fleire timar og ei satsing på fleire og bedre lærarar. Med tidleg innsats og tett oppfølging vil vi at fleire elevar skal få meir utav skuletida si.
Tor Bremer og Hadia Tajik,
Stortingsrepresentantar (Ap), i Kyrke-, Utdannings- og forskingskomiteen
.
Norge gjer det bra internasjonalt visar ei omfattande undersøking om resultata av anti-mobbearbeidet i ulike land. Dette blir i desse dagar publisert i ein artikkel i www.forskning.no
Program som er innført i norsk skule peikar seg ut som særlig vellykka.
Oversikten visar at intensive program som går over tid er mest effektive.
Dei mest vellykka tiltaka inkluderer foreldremøter, bedre tilsyn på leikeplassar, og disiplinære metodar som for eksempel samtalar med mobbarane, henvisning til rektor og fråfall av privilegier.
Resultata visar at anti-mobbeprogram har større innflytelse på born som er 11 år og eldre. Dette kan vere fordi ungdom er mindre impulsive og kan ta fleire rasjonelle beslutningar.
Resultata viser også at program inspirert av arbeidet til den Bergensbaserte forskaren Dan Olweus er svært effektive, uavhengig av kva land programmet blei gjennomført i.
Men fortsatt finnest det norske skular utan eit systematisk anti-mobbearbeid, og dei fleste skulane kan gjere eit enno bedre arbeid. Difor må dette problemet få større merksemd frå alle. Alle skuleelevar har krav på ein mobbefri skuledag.
Mange av dei minste kommunane klarar ikkje lenger å levera gode nok tenester til innbyggarane. Det er særleg innanfor opplæring og helse at det står for dårleg til.
Telemarksforsking har sett på 6 kommunesamanslåingar og resultata er positive. Det er difor grunnlag for å sei at innbyggarane i mange småkommunar kan få eit bedre tilbod ved at gå i lag med nabokommunane. Dette må Ap ta tak i. Eg tvilar på at ein kjem så mykje lenger med frivillig samanslåing. Dette må difor Stortinget sette på dagsorden.
Konklusjon frå Telemarksforsking si undersøking frå 6 kommunesamanslåingar:
“Utredningen har hatt hovedfokus på å kartlegge og vurdere erfaringer og
konsekvenser av kommunesammenslutningene i forhold til kommunens rolle som
demokratisk arena, kommunen som leverandør av velferdstjenester, kommunen
som myndighetsorgan og kommunen som samfunnsutvikler. Samlet sett synes
fordelene å være større enn ulempene.
Erfaringene og resultatene viser klart at kommunene har blitt mer robuste og handlekraftige i forhold til å møte framtidige utfordringer knyttet til tjenesteproduksjon og i forhold til nærings- og samfunnsutvikling”.
Mange av dei minste kommunane klarar ikkje lenger å levera gode nok tenester til innbyggarane. Det er særleg innanfor opplæring og helse at det står for dårleg til.
Telemarksforsking har sett på 6 kommunesamanslåingar og resultata er positive. Det er difor grunnlag for å sei at innbyggarane i mange småkommunar kan få eit bedre tilbod ved at gå i lag med nabokommunane. Dette må Ap ta tak i. Eg tvilar på at ein kjem så mykje lenger med frivillig samanslåing. Dette må difor Stortinget sette på dagsorden.
Konklusjon frå Telemarksforsking si undersøking frå 6 kommunesamanslåingar:
“Utredningen har hatt hovedfokus på å kartlegge og vurdere erfaringer og
konsekvenser av kommunesammenslutningene i forhold til kommunens rolle som
demokratisk arena, kommunen som leverandør av velferdstjenester, kommunen
som myndighetsorgan og kommunen som samfunnsutvikler. Samlet sett synes
fordelene å være større enn ulempene.
Erfaringene og resultatene viser klart at kommunene har blitt mer robuste og handlekraftige i forhold til å møte framtidige utfordringer knyttet til tjenesteproduksjon og i forhold til nærings- og samfunnsutvikling”.
.
Norge gjer det bra internasjonalt visar ei omfattande undersøking om resultata av anti-mobbearbeidet i ulike land. Dette blir i desse dagar publisert i ein artikkel i www.forskning.no
Program som er innført i norsk skule peikar seg ut som særlig vellykka.
Oversikten visar at intensive program som går over tid er mest effektive.
Dei mest vellykka tiltaka inkluderer foreldremøter, bedre tilsyn på leikeplassar, og disiplinære metodar som for eksempel samtalar med mobbarane, henvisning til rektor og fråfall av privilegier.
Resultata visar at anti-mobbeprogram har større innflytelse på born som er 11 år og eldre. Dette kan vere fordi ungdom er mindre impulsive og kan ta fleire rasjonelle beslutningar.
Resultata viser også at program inspirert av arbeidet til den Bergensbaserte forskaren Dan Olweus er svært effektive, uavhengig av kva land programmet blei gjennomført i.
Men fortsatt finnest det norske skular utan eit systematisk anti-mobbearbeid, og dei fleste skulane kan gjere eit enno bedre arbeid. Difor må dette problemet få større merksemd frå alle. Alle skuleelevar har krav på ein skuledag utan mobbing.

Ei av dei store utfordringane for norsk helsevesen i eit 15-20 års perspektiv blir å utdanne nok helsepersonell med rett kompetanse.
Statistisk sentralbyrå sin analysar tilseier eit behov på 95-135 000 nye helsearbeidarar i perioden fram til 2030.
Når eg startar slik så er det ikkje fordi at me er sørgjeleg på etterskot eller at det ser svært mørkt ut.
Tvert imot. I dei to siste åra er talet på studieplassar ved sjukepleiarutdanninga auka med 800 plassar. Og eg er trygg på at dei auka ungdomskulla i tida framover også vil kome helsesektoren ytterlegare til gode.
Opposisjonspartia driv ei systematisk og repeterande svartmåling av norsk helsevesen. Dagleg kan me høyra om kor langt forfallet på sjukehusa og i helsesektoren er komne.
Eg vil sei det slik at det er lite kledeleg for folkevalte som har tatt mål av seg til sitja i regjeringsposisjon. Det er dessutan riv ruskande feil, og det er ikkje minst urettferdig i forhold til alle dei dyktige fagfolka som kvar dag gjer ein kjempejobb for sjuke og pleietrengande menneskje. Det einaste opposisjonen oppnår med dette er å snakke ned tilliten til helsevesenet vårt.
Behovet på over 100 000 årsverk er stipulert til å utgjere heile 44% av all ledig arbeidskraft.
Dette høyrest urovekkande mykje ut, men etter mitt syn så må det sjåast i samanheng med ei forventa og naudsynt innovasjon og teknologiutvikling i både privat og offentleg sektor.
Industrien vår vil av mange grunnar måtte ta i bruk ny teknologi i staden for arbeidskraft som då i større grad kan settast inn i offentleg velferdsproduksjon.
Innføring av samhandlingsreforma med stor fokus på det helseførebyggande arbeidet og auken av eldre og livstilssjukdomar vil krevje ei full gjennomgang av helseutdanningane. På same måte som lærarutdanninga har fått si gjennomgang, må også helseutdanningane få ei full gjennomgang og i større grad tilpassast framtida sine behov.
Det ser ut til at sjukepleiarutdanninga er i rute i den nære framtid. Men det blir ei utfordring å få legane ut i landet der folk bur. Det er dessverre ikkje alltid prioritet nummer ein hos dei nyutdanna legane. Det synast meir stas å vere spesialist på eit stort sentralt sjukehus.
Det blir difor ei politisk utfordring i å lykkast med ei god geografisk spreiing av spesielt legetilbodet, og det er naudsynt med ei full gjennomgang og fornying av helse- og sosialutdanningane.
Desse utfordringane vil me i Ap i lag med dei tillitsvalde i helsesektoren ta tak i med stor entusiasme.
Tor Bremer, Ap
Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget
Ei av dei store utfordringane for norsk helsevesen i eit 15-20 års perspektiv blir å utdanne nok helsepersonell med rett kompetanse.
Statistisk sentralbyrå sin analysar tilseier eit behov på 95-135 000 nye helsearbeidarar i perioden fram til 2030.
Når eg startar slik så er det ikkje fordi at me er sørgjeleg på etterskot eller at det ser svært mørkt ut.
Tvert imot. I dei to siste åra er talet på studieplassar ved sjukepleiarutdanninga auka med 800 plassar. Og eg er trygg på at dei auka ungdomskulla i tida framover også vil kome helsesektoren ytterlegare til gode.
Opposisjonspartia driv ei systematisk og repeterande svartmåling av norsk helsevesen.
Dagleg kan me høyra om kor langt forfallet på sjukehusa og i helsesektoren er komne.

Norge som kunnskapsnasjon må vere i europeisk eliteserie innan høgare utdanning og forsking.
Kvifor er det nødvendig å vere tydleg på det perspektivet?
Jau, det er basert på forventningar om at ikkje berre nåverande, men også framtidig norsk offentleg velferdsproduksjon skal vere den fremste i verda både når det gjeld kvalitet og tilgjengelegheit for alle.
Dei forventningane er, og skal vere, ambisiøse.
Dette kobla til det faktum at norsk økonomi, som er svært petroleumsbasert og som med all sannsynlegheit vil holde eit høgt kostnadsnivå i oversiktleg framtid, tilseier at vi må vere i europisk toppsjikt i høgare utdanning og forsking.
Dersom me slår oss til ro og tenker som så at me har då så mykje peng i dette landet at det er ikkje så farleg om me senker litt på krava til kvalitet i skulen, slik som Høgre ivrar for i yrkesutdaninga, eller om me i all bedagelegheit synst at det er ok at utdaninga og forskinga ligg på middels nivå i forhold til resten av Europa, ja då er det stor fare for at det går utover innovasjonsevna i næringslivet, sysselsettinga, verdiskapinga og i neste omgang kvaliteten på dei offentlege velferdstenestene.
Det er dette som må vere perspektivet når me diskuterar denne saka.
Skal også framtidige generasjonar oppleve at petroleumsinntektene er med å sikre velferdssamfunnet så må dei forvaltast på ein måte som ikkje påføre oss den hollandske sjuka.
Kva skal me for eks med førsteklasses vegar viss pengebruken har radert ut industrien vår og dermed mykje av den framtidige verdiskapinga?
St. meld nr. 44 “Utdanningslinja” og St. meld nr 30 ”Klima for forsking”, synleggjer på ein god måte både kvifor det er avgjerande viktig med eit høgt internasjonalt nivå på høgare utdaning og forskinga og kva utfordringar vi står framføre for å nå dette målet.
Ap og regjeringa har tatt eit prisverdig oppgjer med høgresida sin næringsnøytrale næringspolitikk.
Regjeringa sin næringspolitikken tydleg innretta mot dei næringane og dei næringsklyngene der Norge i global samanheng har openbare fortrinn.
Eg vil her minna om Torgeir Reve som heilt korrekt har påpeikar at vi innanfor
-maritim/marin sektor
-energi
-petroleum
-fiskeri/ havbruk
-reiseliv
- og for eigen del legga til, lettmetal, har internasjonale næringsklynger som ligg heilt i front.
I motsetnad til høgresida meinar vi i Ap at dette er områder der vi må ha ein ekstra stor fokus. Desse næringsklyngene har større innovasjon, sterkare vekst, høgare produktivitet, og for oss som er opptatt av arbeidarrørsla, så er det hyggeleg å påpeike at her finn vi også ei høgare gjennomsnittleg lønn hos dei tilsette.
Skal me lykkast med denne næringspolitikken, så må også den næringsretta utdanings- og forskingspolitikken ha ei ei tydleg kobling mot dette perspektivet.
Deler av den forskinga som føregår i næringslivet er allereie i global eliteserie.
Eg vil her spesielt nemne Hydro sin forskingsavdeling i Årdal som ligg heilt i front når det gjeld både forsking og i neste omgang produksjon av miljøvenleg teknologi til aluminiumsindustrien. Her er Norge verdsleiande. På same måte må det regionale utviklingsarbeidet gå som hånd i hanske med forskinga.
Min konklusjon er at me har gode moglegheiter for å kunne hevde oss blant dei fremste i europeisk perspektiv, men då må me i større grad konsentrere oss om dei områdene der me har eit fortrinn.
Og me har gode moglegheiter til å lykkast fordi det hyggeleg er at 90% av alle forskarar som har levd, ja dei lever i dag.
Kunnskap og ikkje minst, læreevne er nå langt viktigare enn kapital, lønnsnivå og naturressursar for eit land sin verdiskaping og konkuranseevne.
Kunnskap er med andre ord det viktigaste verktøyet for å skape eit bedre samfunn.
Då er eg tilbake til der eg starta. Norsk forsking og kunnskapsproduksjon må så absolutt spela i europeisk eliteserie.
Tor Bremer
Stortingsrepresentant for Ap

Debatten som Stjernø-utvalet starta om ein ny struktur i høgare utdanning har ikkje stoppa .
Det vil seie, vi opplever at sektoren no sjølv går frå ord til handling.
Det vitnar om at ein ikkje berre tar konsekvensen av dei store utfordringane men også dei spennande moglegheitene som byr seg.
Eg trur at timingen og rettningen på dei prosessane som går er god. Dei bere preg av at utdanningsinstitusjonane møter stigane forventningar. Kravet til internasjonal kvalitet i undervisninga og forskinga blir stadig sterkare.
Det er bra. Vi kan faktisk ikkje tillate oss at Norge som kunnskapsnasjon kun er middelmådig på dette området.
Det er av ulike grunnar god grunn til å tru at det norske kostnadsnivået kjem til å ligge høgt i lang tid framover. Difor må vi ikkje sakte akterut når det gjeld kvaliteten på undervisninga og forskinga. Vi må vere i forkant.
Norge har i dag ein godt utbygd struktur av universitet og høgskular som på ein vellykka måte har sikra alle deler av landet tilgang til høgare utdanning.
Men denne strukturen opplevest av mange til å vere under press. Nokre studiestader har svak rekruttering av studentar og evalueringar har påvist sviktande kvalitet i fleire sentrale utdanningar. Dette er naturlegvis urovekkande.
Mange av dei prosessane vi nå er vitne til er eit resultat av denne utviklinga.
I Ap ønskjer vi difor dette velkomen. Det er viktig at institusjonane, gjerne i samspell med nasjonale myndigheiter, finn dei løysingane som på ein best mogleg måte balanserar omsynet til fremjing av kvalitet i undervisninga og forskinga med fortsatt tilgangen til høgare utdanning i heile landet.
Det er også slik at meir og meir av forskinga er basert på eit internasjonalt samarbeid.
Det er utelukkand positivt men kan vere utfordrande og til dels vanskeleg å meistre for dei minste institusjonane og dei svakaste faglege miljøa.
Men det er grunn til å tru at mange institusjonar gjennom ei nødvendig oppgåvefordeling og spissing av tilbodet vil kunne utfylle kvarandre på ein økonomisk og rasjonell måte og slik møte desse utfordringane på ein god måte.
Dette vil også gjere dei meir attraktive både når det gjeld tilgangen på studentar og ikkje minst tilgangen på høgkvalifiserte fagfolk, noko som er ei stor utfordring for mange institusjonar.
Ei slik spissing av tilbodet på spesielt dei små studiestadene, vil kunne styrke det faglege miljøet og blir meir attraktive for personar med til dømes doktorgradsutdanning.
I framtida vil institusjonane innan høgare utdanning bli heilt sentrale kryssningspunkt i den regionale utviklinga.
Dette kjem tydleg til uttrykk gjennom aukande forventningar til høgskulane om å bidra til utviklinga av regionalt og lokalt næringsliv samt offentleg sektor.
Den regionale utviklinga må i framtida bli enno tydlegare på at den er forsking- og kunnskapsbasert.
Men desse forventningane blir vanskeleg å imøtekomme utan ein høgare kompetanse enn kva mange av dei minste miljøa har i dag.
Difor er det nausynt, også av denne grunn, med ei spesialisering og spissing av tilboda.
Etter Høgskulereforma i 1994 har den geografiske strukturen på studiestadene vore tilnærma fastfrosen.
Dei pågåande samtalane som har som siktemål tettare samarbeid, oppgåvefordeling og i nokre tilfelle samanslåing, er difor naturlege.