![]() |
Karianne A. T. sine bidrag | ||
Denne siden viser alle bidrag overalt på Origo.
Velkomne til framtidsverkstad 2029
For å møte utfordringane vi står overfor på best mogleg måte og få opp dei viktigaste politiske debattane fram mot valet i 2013, inviterar vi deg til Framtidsverkstad 2029. Dette er Arbeidarpartiet sin programdebatt. Utgangspunktet er at vi ser 17 år fram i tid slik vi gjer dei riktige politiske vala i dag som er med å forme samfunnet fram mot 2029.
I Framtidsverkstaden vil vi ta utgangspunkt i den enkelte personen og det samfunnet vi lever i idag og la den politiske diskusjonen gje bilete av ulike framtidsutsikter innan eit livsområde/politisk tema.
Tema vi har satt på denne agendaen denne kvelden er
• Oppvekst og skule
• Utdanning og livslang læring.
Tor Bremer innleiar. Han er stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Ap og sit i kyrkje , -utdannings og forskningskomiteen.
Det vert sett av god tid til diskusjon og vi deler oss inn i grupper etter kva tema vi ynskjer å diskutere.
Det er ingen kvalifiseringskrav for å delta anna enn at ein er oppteken av politikk og korleis ting skal være i framtida. Alle kan delta og bidra på lik linje!
Vi ynskjer velkomne til Noregs mest spanande politiske verkstad!
Venleg helsing
Flora Arbeidarparti.
Kickstart sommeren med poker run!
Vi vil med dette invitere alle og enhver til Florøs første poker run.
Tidspunkt: 9. juni klokka 11.
Oppmøte 09:30 i Florevika gjestebrygge.
400kroner per båt (inklusiv lunsj Kalvåg og t-shirt)
100kroner per passasjer (inklusiv lunsj Kalvåg)
Målet er å gi en positiv opplevelse for alle båtfrelste folk rundt Florøs vakre øyer og omgivelser. Vi samles på Florø-vika og kjører fra øyperle til øyperle. Pitstopp med mat og inntak av proviant i Kalvåg , før vi har en avsluttende fartsetappe frå Kalvåg til Florø.
Kjørerute er: Florøvika- Svanøybukt- Askrova- Fanøyvåg-Kalvåg og Florø.
Ved hvert stopp vil hver båt få utdelt 1 spillekort, og etter endt løp vil hver båt sitte med 5 kort. Alle kortene blir utlevert i forsegla konvolutter som åpnes først ved endte løp. Den båten som sitter med beste hånd i poker vil gå over i historien som første vinneren av det vi håper blir en av mange årlige Florø Poker Run.
Spilleregler:
-minimun 18 fot.
-minimun 25 knop
-redningsvester til alle om bord.
-Nulltoleranse for nytting av alkohol for fører av båt.
-Båter har ikkje lov til å passere pace-båt som ligger i front og styrer kjøreruten.
-Vanlige sjøvettsregler , slik at alle får en positiv og fin sjøopplevelse.
OBS: Premiering for kult antrekk
Påmelding innan 5. Juni på Rockin Hood eller direkte til Henning Solheim på tlf 951 04 705.

Vi feirer byen sin fødselsdag 16 mai 2012 og ønsker velkommen til kostymeopptog!
Still i det kostymet du har! Ta med deg venner, familie og kom!
Det viktigaste er at vi skal ha det fargerikt, gøyalt og spennende.
Møt opp ved Florø Barneskole kl 17.00 med “FLORØSK”- humor og etusiasme.
Det vil delta både drillpiker, trommer og blåsere slike at vi får marsjmusikk.Oppstilling tre og tre i bredden.
Toget går gjennom byens gater: Ut Hans Blomgt, ned Torggata, ut gjennom Strandgata. Videre opp Stadionvegen, og inn på Stadion. Toget går gjennom Stadion og og sluttar ved indrettshallen.
Fotballkampen mellom Florø og Førde begynner kl 18.00.
Vi må more oss nå, mens livet pågår…..

Flora Ap inviterar til framtidsverksted med tema arbeid.
For å møte utfordringane vi står overfor på best mogleg måte og få opp dei viktigaste politiske debattane fram mot valet i 2013, inviterar vi deg til Framtidsverkstad 2029. Dette er Arbeidarpartiet sin programdebatt. Utgangspunktet er at vi ser 17 år fram i tid slik vi gjer dei riktige politiske vala i dag som er med å forme samfunnet fram mot 2029.
I Framtidsverkstaden vil vi ta utgangspunkt i den enkelte personen og det samfunnet vi lever i idag og la den politiske diskusjonen gje bilete av ulike framtidsutsikter innan eit livsområde/politisk tema
.
Framtidsverkstaden foregår:
Onsdag 2 mai 2012 kl 19.00 på Aroma Cafe. Inngang på baksida.
Tema vi har satt på denne agendaen denne kvelden er
• Arbeid å leve av
• Arbeid å leve med
Reidar Sandal innleiar.

Henrik Oppen heldt Ap sitt hovedinnlegg under handsaming av mål og strategier for vidaregåande opplræring i fylkestinget idag
Det er framlagt eit dokument om mål og strategiar for den vidaregåande utdanninga i fylket for kommande periode. Det er eit dokument som tydeleg er lagt mykje og grundig arbeid i, og sakshandsamarane og andre som har arbeidd med saka fortener ros for eit grundig og godt gjennomarbeidd dokument.
Vi veit at fylkeskommunen står framfor utfordringar i opplæringsektoren i åra som kjem, særleg utfrå eit sterkt synkande elevtal i åra framover.
Når det som går på den framtidige strukturen på skulane i fylket framover er teke ut av plandokumentet, og vert behandla i ein eigen skulebruksplan, vert fokuset no retta mot fagleg kvalitet og tilbod i utdanninga, den samfunnsretta rolla dei vidaregåande skulane har i sine lokalmiljø og hovudfokuset på å gje ungdommen i Sogn og Fjordane eit best mogeleg utdannings- og læretilbod. Det skal ikkje vere nokon strukturdebatt i dag, men Arbeidarpartiet har som utgangspunkt, at vi ynskjer at eit best mogeleg lærings- og utdanningsmiljø skal byggjast utifrå ein framleis desentralisert struktur, og i stor grad i nærleik til elevane sitt heimemiljø.
Fylkeskommunen er som skuleeigar pliktig å tilby alle utdanningsprogram, enten i eige fylket eller gjennom kjøp hos andre skuleeigarar. Samstundes som elevane har rett til plass på eit av tre utdanningsynskjer.
Ved ein situasjon med minkande elevtal i åra som kjem, gjev dette ei utfordring ved å dimensjonere utdanningstilbodet rett, i høve å gi elevane den utdanninga dei ynskjer, og å få utdanna den arbeidskrafta samfunnet vårt treng til ei kvar tid.
Ved sida av å kunne tilby elevane eit breitt og attraktivt utdanningstilbod vil det å utdanne fagarbeidarar til offentleg og privat teneste- og næringsproduksjon måtte ha stor fokus. Å gje yrkesfagleg utdanning status gjennom informasjon og rådgjevingstenesta blir viktig for å få ungdommane til å søkje på yrkesfaglege linjer.
Arbeidarpartiet meiner rådgjevingstenesta her er eit viktig satsingsområde, og vi er glad for at Hovudutvalet støtta oss i å framheve dette, ved å endre overskrifta i kapittel 3.2.1 til å lyde " karriererettleiing og gjennomføring"
Ein kan tenkje seg ein modell der elevane har rett til allmenn påbygg etter å ha bestått yrkesutdaning med fagbrev, kan vere ein modell for å styrke yrkesfagutdanninga. Det er pr i dag slik rett i helsefagutdanninga.
I arbeidet for å sikre ei større fullføringsgrad av yrkesfagutdanninga,
har og det lokale næringslivet, både privat og offentleg, ei stor oppgåve ved å tilby læreplassar. Kommunane i fylket har og her eit stykke arbeid å gjere.
Særleg offentleg sektor har eit stort ansvar i å oppgradere typiske deltidsyrker, til å tilby heile stillingar og såleis høge status på desse yrka.
Ved sida av den viktigaste oppgåva til dei vidaregåande skulane å gje ungdommen eit godt og variert utdanningstilbod, er og skulane viktige samfunnsaktørar der dei er lokaliserte.
Skulane bidreg til eit mangfald i arbeidsplassar lokalt , og bidreg med generellt høgt kunnskapsnivå i samfunnet.
Gjennom samhandling med kommune, lokalt næringsliv kan dei vidaregåande skulane vere viktige aktørar til utvikling av lokalsamfunna. Eit samarbeid mellom skule og næringsliv er viktig for å tilføre ny arbeidskraft til lokalt næringsliv, både privat og offentleg.
Fleire stader i fylket ser vi samlokalisering mellom vidaregåande skule / kommune /. næring og aktørar gjerne innan kultur / idrett. Dette har gjeve sterke einingar som framstår som viktige institusjonar i samfunnet.
Fylkeskommunen og skulane er her viktige bidragsytarar til å gje lokalsamfunn breidde i både arbeidsmarknad, kunnskapsnivå og fritid og sosiale tilbod.
Den 28 mars justerte Hovedutval for opplæring( HO) opplæringstilbodet for 2012-2013. Dette vart gjort med bakgrunn i søkjartal og prøveinntak. Den overordna målsetjinga er å dimensjonere gruppetal og plasstal slik at det så langt som råd er samsvarar med elevane sine ønskjer.
Det er altså mange omsyn å ta, og enkeltinnspel må sjåast i samanheng med heilskapen i opplæringstilbodet. Dette er nok, ilag med utlysing av opplæringstilbodet, ei av dei mest krevjande sakene vi har i løpet av året fordi det betyr så mykje for så mange kva vedtak vi gjer.
Skuleåret 2012- 2013 er også det nest siste året før vedtak i skulebruksplanen kan få konsekvensar for opplæringstilbodet. Det som også gjorde denne saka meir utfordrande var at vi hadde lyst ut alle tilgjengelege grupperessursar vi hadde. Det betyr at dei endringane vi gjorde måtte få best mogleg utteljing.
Dei endringane som vart gjort i møtet var samrøystes, men i tillegg fremja Høgre og Venstre følgande forslag i møte til justeringssaka:
Det blir oppretta ei ekstra gruppe Vg1 Medium og kommunikasjon ved Sogndal vgs, under føresetnad av at skulen dekkar dette innanfor eige budsjett.
Her vil altså H og V legge opp til ein praksis som gjer det mogleg for skulane å tilby kva utdanningsprogram dei vil så lenge dei finansierar det sjølv. Det er ikkje sånn det fungerar og det veit også H og V.Det er fylkestinget som gjennom sitt budsjettvedtak fastset kor mange grupperessursar utvalet har til rådvelde i denne saka. Utlysing/justering av opplæringstilbodet er delegert frå fylkestinget til Hovedutval for opplæring.
Dette var rett og slett eit urealistisk og populistisk forslag. Ap kunne også ønskje at vi hadde fått til ei løysing for medier og kommuniksjon ved Sogndal vgs, men denne gongen var det dessverre ikkje ressursar til det.
I Sogn Avis kunne ein lese at Høgres Noralf Distad var vonbroten på vegne av dei elevane som har søkt seg til medier og kommunikasjon i Sogndal. Dette fell for sin eigen urimelegheit når H og V her fremja eit forslag utan realisme og økonomisk inndekning.
Ein kan jo spørje seg om dette er ein ny praksis som H og V ønskjer i innføre, og kva konsekvensar ein slik praksis kan få for opplæringstilbodet i Sogn og Fjordane.
Karianne Torvanger
Fraksjonleiar for Ap i Hovedutval for Opplæring.

Den 28 mars justerte Hovedutval for opplæring( HO) opplæringstilbodet for 2012-2013. Dette vart gjort med bakgrunn i søkjartal og prøveinntak. Den overordna målsetjinga er å dimensjonere gruppetal og plasstal slik at det så langt som råd er samsvarar med elevane sine ønskjer.
Det er altså mange omsyn å ta, og enkeltinnspel må sjåast i samanheng med heilskapen i opplæringstilbodet. Dette er nok, ilag med utlysing av opplæringstilbodet, ei av dei mest krevjande sakene vi har i løpet av året fordi det betyr så mykje for så mange kva vedtak vi gjer.
Skuleåret 2012- 2013 er også det nest siste året før vedtak i skulebruksplanen kan få konsekvensar for opplæringstilbodet. Det som også gjorde denne saka meir utfordrande var at vi hadde lyst ut alle tilgjengelege grupperessursar vi hadde. Det betyr at dei endringane vi gjorde måtte få best mogleg utteljing.
Dei endringane som vart gjort i møtet var samrøystes, men i tillegg fremja Høgre og Venstre følgande forslag i møte til justeringssaka:
Det blir oppretta ei ekstra gruppe Vg1 Medium og kommunikasjon ved Sogndal vgs, under føresetnad av at skulen dekkar dette innanfor eige budsjett.
Her vil altså H og V legge opp til ein praksis som gjer det mogleg for skulane å tilby kva utdanningsprogram dei vil så lenge dei finansierar det sjølv. Det er ikkje sånn det fungerar og det veit også H og V.
Det er fylkestinget som gjennom sitt budsjettvedtak fastset kor mange grupperessursar utvalet har til rådvelde i denne saka. Utlysing/justering av opplæringstilbodet er delegert frå fylkestinget til Hovedutval for opplæring.
Dette var rett og slett eit urealistisk og populistisk forslag. Ap kunne også ønskje at vi hadde fått til ei løysing for medier og kommuniksjon ved Sogndal vgs, men denne gongen var det dessverre ikkje ressursar til det.
I Sogn Avis kunne ein lese at Høgres Noralf Distad var vonbroten på vegne av dei elevane som har søkt seg til medier og kommunikasjon i Sogndal. Dette fell for sin eigen urimelegheit når H og V her fremja eit forslag utan realisme og økonomisk inndekning.
Ein kan jo spørje seg om dette er ein ny praksis som H og V ønskjer i innføre, og kva konsekvensar ein slik praksis kan få for opplæringstilbodet i Sogn og Fjordane.
Karianne Torvanger
Fraksjonleiar for Ap i Hovedutval for Opplæring.
Velkomne til framtidsverkstad 2029
For å møte utfordringane vi står overfor på best mogleg måte og få opp dei viktigaste politiske debattane fram mot valet i 2013, inviterar vi deg til Framtidsverkstad 2029. Dette er Arbeidarpartiet sin programdebatt. Utgangspunktet er at vi ser 17 år fram i tid slik vi gjer dei riktige politiske vala i dag som er med å forme samfunnet fram mot 2029.
I Framtidsverkstaden vil vi ta utgangspunkt i den enkelte personen og det samfunnet vi lever i idag og la den politiske diskusjonen gje bilete av ulike framtidsutsikter innan eit livsområde/politisk tema.
Framtidsverkstaden foregår:
Tema vi har satt på denne agendaen denne kvelden er
• helse og livskvalitet,
• aktiv alderdom
• alderdom og omsorgsbehov
Kommunelege Jan Helge Dale innleiar.
Det vert sett av god tid til diskusjon og vi deler oss inn i grupper etter kva tema vi ynskjer å diskutere.
Det er ingen kvalifiseringskrav for å delta anna enn at ein er oppteken av politikk og korleis ting skal være i framtida. Alle kan delta og bidra på lik linje!
Seinere kjem det invitasjon til framtidsvekstader med følgande tema:
Arbeid å leve av og Arbeid å leve for
Oppvekst og skule og Utdanning og livslang læring.
Vi ynskjer velkomne til Noregs mest spanande politiske verkstad!
Venleg helsing
Flora Arbeidarparti.
Å være hybelbuar er ei spennande og kjekk utfordring. For første gang skal ein flytte frå mamma og pappa for å så klare seg sjølv. Ein skal no integrere seg i eit nytt samfunn, med nye menneske og nye reglar å forhalde seg til.
Når ein kjem inn i eit nytt samfunn har ein gjerne lyst til å engasjere seg, vise at ein bryr seg. Dette er ikkje så lett når hybelbuarar ikkje får stille til lister eller stemme ved vala til Ungdommens Bystyre eller ungdomsråda.
Dette meiner eg er feil!
Hybelbuarane bur 2-4 år av liva sine i ein anna kommune. Dei blir ein integrert del av ungdomsmiljøet i kommunen og er det ikkje då naturleg at dei skal få være med å påvirke sin eigen kvardag? Jo meinar eg.
Difor oppfordrar eg kommunane til å opne for at også hybelbuarane skal få kunne stille til val, og stemme under val av ungdområd eller ungdommens bystyre.
Lise Landøy, AUF i Sogn og Fjordane
Ei sak som er viktig for meg, og for AUF i Sogn og Fjordane er dette som går på å tilrettelegge samfunnet for menneske med funksjonshemningar.
Eg var nok ikkje aleine om å bli rørt av programmet “Ingen grenser” som blei sendt på NRK. Der møtte ein menneske med ulike funksjonshemningar som reiste på ein strabasiøs tur saman med Lars Monsen. Dei utfordra seg sjølv både fysisk og mentalt. Sjølvsagt er det imponerande å sjå dei reise på ein så utfordrande tur, og å sjå den stå-på viljen, motet og den psykiske styrken desse menneska har. Men kvar dag skal ikkje være som ein tur med Lars Monsen!
For nokon er ein tur på butikken, ein tur på biblioteket eller ein tur på kjøpesenteret nettopp det. Ein tur dei må psyke seg opp til i lang tid- på lik linje med turen ilag med Lars Monsen. I verste fall unngår mange å ta turen, nettopp fordi det er ei såpass stor utfordring. Dette kan føre til fleire aktuelle problemstillingar som isolasjon, låg sjølvtillit og manglande mestringsfølelse.
Sjølv om universell utforming er lovfesta, er det framleis for dårleg. I alle kommunar er det enten noke lite eller noke stort som kan forbetrast. Det kan være fortauskantane som er for høge, båten der rullestolbrukarar ikkje kan komme seg om bord, eller butikken der varane er plassert på uoversiktleg vis.
Vi har ein politikk som går på at alle skal med. Vi kan ikkje ekskludere dei som treng litt tilrettelegging i form av universell utforming på grunn av trang kommuneøkonomi. For ein kan ikkje måle livskvaliteten til mennesker i kroner og ører.
Der et derfor AUF i Sogn og Fjordane meinar at kvar dag ikkje skal være som ein tur med Lars Monsen.
Dette er ei sak som einstemming vart vedteke på årsmøtet til AUF i Sogn og Fjordane. Vi ønksjer å være ein organisasjon som tek dei svake sitt parti, og vi er glad for at Sogn og Fjordane Ap ønskjer det samme.
Maria Hovland Faye, AUF

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er svært positiv til planane om ei subseaingeniør-utdanning i Sogn og fjordane og vedtok samrøystes å gje prosjektet si fulle støtte. Flora Arbeidarparti som fremma forslaget under helgas årsmøte, er glade for støtta.
-Det er gledleg og viktig at det største partiet i fylket har fokus på dette tilbodet og heilhjarta støttar opp om å få det realisert, seier forslagsstiller Ola Teigen. Studietilbodet som er planlagt oppstart frå hausten 2013, vil etterkvart vere avhengig av statleg finansiering. Då er det viktig at våre stortingsrepresentanter er klare til å arbeide for at høgskuleutdanninga kjem inn på statsbudsjettet.
-Studiet er nok heilt avhengig av privat finansiering for å starte opp om vel eit års tid, seier Teigen. Målet må likevel vera at staten på sikt overtek ansvaret for finansieringa. -Dette har vore gjennomført fleire stader i landet og med den entusiasmen våre fremste politikarar viser i denne saka, så trur eg dette er noko vi skal få til.
Årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap peikar på at eit høgskuletilbod i undervassteknologi er viktig for at oljenæringa i Florø skal fortsette å utvikle seg. Slik sikrar ein utdanning av arbeidskraft, og legg eit sentralt premiss for at bedrifter skal legge viktige funksjonar til Florø. -Det er klart at kompetansekrevjande prosessar krev at vi klarar å rekruttere personell med høgare utdanning. Med ei ingeniørmangel på 16.000 i landet så kan dette bli ei utfordring. Ein lokal utdanningsinstitusjon vil vere gull verdt, seier Teigen og legg til:
– Når vi i tillegg veit at fylkeskommunen vurderer å opprette eit kurs i brønnteknikk ved Flora vidaregåande skule, byrjar det verkeleg å sjå ut til at oljebyen Florø får eit enno betre fundament.
Grunnen til at Flora Arbeidarparti tok opp saka på fylkesårsmøte er at ein ser det som viktig å forankre planane politisk. -Sjølv om det er næringslivet sjølve som set igang vil det vere avgjerande for framtida at vi har våre folk på stortinget klare til å gjere det som skal til for at tilbodet skal bli permanent. Vi ser og føre oss at fylkeskommunen kan spele ei viktig rolle på ulike måtar.
- No får vi håpe at næringa klarar å få høgskuletilbodet opp å gå, så skal vi politikarane jobbe for at skulen får dei kronene som skal til frå det offentlege til drifta i åra framover, seier arbeidarpartirepresentant Ola Teigen.

Solveig Willis frå Florø blei i dag på årsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti valt som ny nestleiar i fylkesstyret. Willis har fra før verv som leiar for internasjonalt utval. No tek ho til på nye utfordringar som nestleiar , ei oppgåve ho gler deg til. Som nestleiar vert også Willis medlem av landsstyret til Ap. Nils P. Støyva fortset som fylkesleiar.
Også Malene Indrebø-Langlo, som er leiar i AUF i Sogn og Fjordane, er valt inn i fylkesstyret. Oscar Bergheim tok også attval og er 3 vara til fylkesstyret.
Resten av fylkesstyret er:
Studieleiar Kristin Maurstad (ny), Leiar av kvinnenettverket: Olaug Rotihaug Solheim (ny), Styremedlemar er: Hilmar Høl (attval), Harald Bjarte Reite( attval), Astrid Hove (attval), Odd Atle Stegegjerdet (attval) og Solveig Norevik (attval).
I tillegg er Bente Frøyen Steindal valt som leiar av nominasjonsnemda til stortingvalet. Åge Larsen tok attval som medlem av valnemda.
Flora Ap var svært aktive under årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap. Fleire av årsmøtedelegatane var på talarstolen under møtet og sytte for at Flora Ap fekk gjennomslag for fleire av sakene som var sendt inn.
Spesielt ønskjer eg å trekke fram AUF som gjorde ein formidabel innsats seier Willis. AUF hadde 7 plassar i Flora AP sin delegasjon på 14.
Torstein Dolve sitt innlegg på årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap.

Heisann, eg har ADHD.
Vanskeligheter for å konsentrere meg.
Ein vanleg Norsk time for meg er vanskelig fordi eg slite med og følge med.
Det faglege nivået i klassen auka, men eg blir bare hengande meir og meir etter.
Mamma og Pappa har kjempa ein endelaus kamp med adminstrasjonane på skulane for og få eit fullverdig tilbud til meg.
Det dei hittil har gjort er og ta meg med på turar i skog og mark, men det hjelpe ikkje. Stått på ski, site på grupperom aleine og gjort lekse.
Det var jo kjekt, men lærte eg nokke ?
Eg blir ikkje klokere på Norsk,Engelsk og Matte ved å gå tur.
Det er ikkje sånn det skal vere!
Eg vil ha eit tilpassa tilbud der eg faktisk lære nokke, slik at eg kan oppfylle dei kriteria dei kreva for at eg skal komme inn på videregåande opplæring.
Det skal ikkje straffe seg å vere spesiell.

Mathias Stang sitt innlegg på årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap
I asyl og innvandringspolitikken i Norge er vi vitne til store utfordringar. Vi er vitne til forferdelige tilfeller med utsending av born og tilfeller av dårlege levekår på asylmottak. Saksbehandlinga tek for lang tid, og det er ei enorm påkjenning for dei som har budd her i mange år utan ein gong å ha fått eit svar.
Vi er nødt til å sjå verdien av kva eksempelvis born frå andre land bidreg med til samfunnet vårt. Både innanfor mangfald i kultur og framtidige ressurssterke personar.
For kva land vil vi eigentleg være, og korleis vil du at vi skal være?
Vi kan ikkje sende born som har levd her i Noreg mesteparten av sitt liv, ofte under tvilsame levekår, ut av landet når dei både har lært seg språk og kultur. Dette skjer i eit land kor alle skal ha like moglegheiter til å forme framtida si.
Vi kan difor ikkje tillate fleire tilfeller av born som blir sendt ut av landet til ei usikker og ofte fatal framtid.
Vi må vakne opp og få ein ny gjennomgang av asylpolitikken som i dag ofte er inhuman og som bryt med barnekonvensjonen.
Vi er nøyd til å spørje oss sjølve korleis vi skal klare å være det integrerande og inkluderande i samfunnet vi sjølve lever så godt i.
Born er ulike, men dei har alle lik rett til ei verdig framtid i verdas beste land.
Lise Landøy sitt innlegg på årsmøtet til Sogn og Fjordane Ap:

Å være hybelbuar er ei spennande og kjekk utfordring. For første gang skal ein flytte frå mamma og pappa for å så klare seg sjølv. Ein skal no integrere seg i eit nytt samfunn, med nye menneske og nye reglar å forhalde seg til.
Når ein kjem inn i eit nytt samfunn har ein gjerne lyst til å engasjere seg, vise at ein bryr seg. Dette er ikkje så lett når hybelbuarar ikkje får stille til lister eller stemme ved vala til Ungdommens Bystyre eller ungdomsråda.
Dette meiner eg er feil!
Hybelbuarane bur 2-4 år av liva sine i ein anna kommune. Dei blir ein integrert del av ungdomsmiljøet i kommunen og er det ikkje då naturleg at dei skal få være med å påvirke sin eigen kvardag? Jo meinar eg.
Difor oppfordrar eg kommunane til å opne for at også hybelbuarane skal få kunne stille til val, og stemme under val av ungdområd eller ungdommens bystyre.
For dokke veit: Alle skal med!
Malene Indrebø-Langlo sitt innlegg på årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap:

Yrkesfagelevar er idag halvparten av elevmassen i den vidaregåande skulen. Men tar ikkje halvparten av plassen i skuledebatten. Vi må handle no og gje framtidas arbeidskraft den statusen og opplæringa den fortjene.
For det er nemleg sånn at i 2025 vil arbeidslivet bare komme til å ha behov for 3,5 % ufaglært arbeidskraft. Yrkesfagleg utdanning er framtida og det er avgjerande at vi legge til rette for at flest mogleg fullføre med best mogleg kompetanse.
Vi må ha meir praksisretta teori. Ikkje mindre sånn som høgresida vil. “La yrkesfag være yrkesfag” brukar Høgre som dekke for mindre teori på yrkesfag. Fin retorikk, dårlig politikk!
Mindre teori vil være å utdanne ungdom ut i ett yrke som ikkje finst. Globaliseringa angår ikkje bare elevar på studiespesialisering. Norsk ungdom trenger språk, matte og samfunnkunnskap uansett om dei skal være lærarar eller reparere rør. Å fjerne teori vil være ei bjørneteneste for yrkesfagelevane.
AUF ber Ap og Regjeringa om å gå knallhardt ut mot å utdanne ungdom ut i yrker som ikkje finst, altså mindre teori i yrkesfag.
Vi ser at yrkesfagleg kompetanse er framtida. Men for å få fleire til å fullføre utdanninga må vi sikre lærlingplass til ale. Mangel på lærlingplassar dreper motivasjon og er ein direkte årsak til fråall. AUF vil lovfeste retten til lærlingplass og sette strenge krav til alle kommunar og bedrifter som tek inn lærlingar.
Den skulen vi tilbyr idag viser kordan framtidas samfunn skal se ut.
Det er på tide med eit statusløft for yrkesfagelevane no. Då trenge vi ein ny og offensiv satsing på kvaliteten i utdanninga. Tek Ap utfordringa?
Det handler tross alt om Norge si framtid.

Eg e 16 år! Det vil si at eg og mine venner egentlig har det utrolig bra for tida, men det vil og si at mange av vennene mine, og da kanskje spesielt venninne mine er redd for å komme seg heim i helgene, og det har dei god grunn til. Vi er ungdommer og vil vere ute lenge i helgene, og det må vi få lov til, det er en del av det å vere ung. Men en dum ting med at vi er ute lenger er at foreldrene våre ikkje kan hente oss, og da begynner problemene å komme. Korleis skal eg komme meg heim? Kan eg ta buss? Nei, enten er det ikkje bybuss i bygda/byen min, eller så har den slutta å gå kl 11, kan eg ta taxi heim? Ikkje uten å måtte betale 300 kr for eit par kilometer, og har vi ikkje råd til.
Så kva blir løsninga da? Jo det skal eg si dokke, løsninga er at mange unge jenter og gutter må gå gjennom sentrum, og i sentrum ligg alle utestedene, eg ser på nyhetene, og er det en ting eg har lært så er det at berusa menn seint på lørdag og unge gutt eller jenter ikkje er ein god kombinasjon.
Det er her trygt heim for ein 50 lapp skal hjelpe oss, men det gjør det ikkje!
Tygt heim for ein 50 lapp må bli eit betre kjent tilbud, det er så og si ingen ungdomma som veit om denne ordninga! Det er for dårlig!
Sånn som det er i dag må vi søke om og få komme trygt heim for ein 50 lapp, og da går ruta bare fra eit arrangement i Førde, til foreksempel rutebilstasjonen i Florø, nesten uten stopp. Det er jo fint det, men kva om eg vil fra ein side av byen til den andre seint på kvelden? Frå ei side av Florø til den andre er det over 6 km, så med mindre eg vil gå gjennom byen, må eg betale 300 kr for og komme meg trykt heim.. Kor blindet av trykt heim for ein 50 lapp da!! Florø Førde blir 50 kr, men fra eine sida av Florø til andre blir det 300 ? Ka er meininga med det!
Trygt heim for ein 50 lapp må vere eit tilbud for alle ungdommar uansett kor dei bor og kor dei skall alltid!
Og vi må søke! Vi må Søke om å få komme oss trygt heim ? Burde ikkje det vere ein rett! Vi får dagleg høre om overgrep, og kordan byane blir farlegare og farlegare, og med mindre du er eit Sjeni som veit kordan du kan få til dette opplegget så blir du sent ut i byen mit på natta for å komme deg heim..
Trygt heim for ein 50 lapp må vere eit lavterskeltilbod, det handler om å komme seg trykt heim.
Så det vi må gjøre er 1. Få trygt heim for ein 50 lapp til og bli ei meir kjend ordning!
2. Vi må få tilbude til og dekke både korte og lange avstander, det må gjelde for alle alltid!
Og 3. Vi må gjøre dette til eit lavterskel tilbud!
Det handla ikkje om å komme seg billig heim, men om å ha råd til å komme seg trygt heim!
Kjetil Klakegg Bergheim sitt innlegg på årsmøtet!

Kjære ordstyrere
Kjære årsmøte
Kjære Trond Giske
I over seks år har vi hatt regjeringsmakten i Norge. I løpet av denne tiden har det skjedd veldig mye positivt. Blant annet har vi fått…
- gratis læremidler i den videregående skolen - flere studenthybler - og mer penger til kommunene Men nå er det viktig at vi ikke sovner i timen. Det er viktig at vi regjerer landet og ikke bare administrerer landet. Vi må komme med nye tiltak der vi trenger det som mest. Vi må sikre at den rød-grønne politikken blir gjenspeilt i flest mulig deler av samfunnet; med andre ord at samfunnet blir mest mulig rettferdig. Landet er ikke rettferdig når… - forskjellene mellom fattige og rike øker - noen kan kjøpe seg ut av en helsekø, mens noen må dø i den samme - studenter i prinsippet ikke kan leve av studielånet sitt, bare overleve Vi må ikke vente til før etter neste valg, for da kan det være for sent.Arbeiderpartiet er et stor parti som har muligheten til å forandre Norge. Denne sjansen må vi benytte oss av. Og jeg er stolt av å være medlem av et parti som kan gjøre store og gjennomgripende endringer i samfunnet – til tross for at de tidvis er veldig upopulære.
Jeg er glad for at regjeringen omstrukturerer sykehussektoren, selv om vi i dette fylket mister noen deler av det vi har.
Sentralisering er ikke utelukkende negativt
Store kompetansemiljøer er veldig positivt
Det er bedre at noen som tar i mot unger hver dag gjør det, fremfor noen som gjør det en gang eller to i uka. Øvelse gjør mester heter det, og det inkluderer barnefødsler, så vel som omfattende operasjoner.
Vi må være framsynte, ikke trangsynteJeg vil også snakke litt om partidemokratiet. Nå kjører dere i toppledelsen igjennom Vikarbyrådirektivet på samme måte som dere kjørte gjennom DLD. Under debatten om DLD presenterte dere en rekke argumenter som var direkte løgner:
- DLD kunne funnet drapsmannen i orderudsaken - DLD kunne funnet ut hvem som drepte i Baneheia - DLD kunne forhindret 22. juliAlt dette er noe dere vet er løgn. Hvordan skal vi nå kunne tro på dere når dere argumenterer for Vikarbyrådirektivet?
Nå drar dere land og strand rundt og overtaler delegater til å støtte direktivet. Dere sa allerede før debatten var kommet skikkelig i gang at AP hadde bestemt seg. Det er skuffende, for dere dreper partidemokratiet og det mener jeg er veldig synd.