![]() |
Det er ikkje uvesenlig kva politisk fleirtall som styrer. Arbeidarpartiet har alltid meint at arbeid er det viktigaste for eit meiningsfyllt liv. Eit arbeidsliv med plass for alle, skaper tryggleik og stabilitet.
Difor vil arbeidarpartiet føre ein aktiv næringspolitikk. Vi vil legge tilrette for at det vert skapt nye arbeidsplasser og ny næringsverksemd.
Det meste av av næringsutviklinga skjer i byer og tettstader. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil i sterkare grad vektlegge og stimulere til sentrumsutvikling.
Vi vil arbeide for enda meir risikokapital, slik at vi kan møte nye bedrifter og etablerarar med velfungerande verkemiddelapperat.
Mangfaldig arbeidsliv er heilt nødvendig for å skape vekst.
Ungdom dreg ut for å skaffe seg kunnskap , vi vil etablere fleire studieplasser og fleire studier ved Høgskulen, slik at ungdom kan skaffe seg kunnskap lokalt i samarbeid med nye og veletablerete næringar.
Fleire studieplasser og studietilbod skaper vekst.
Utbetring av E 39 gjennom heile fylket skal halde fram og det skal jobbas med å få realisert Førdepakken.
Jorunn Kjersti Eides bidrag | ||
Næringsløft i vest viktig for framtidig skule strategi i sogn og fjordane .
Punkt 7 i ap sitt Næringsløft i vest:
Kompetanse og utdanning skal gjennomførast i eit regionalt samarbeid i tett dialog med næringsliv , undervisnings og forsknings miljøer.
Det må bli bedre samsvar mellom næringslivet sitt behov og utdanningstilbodet, spesielt innan yrkesfag .
Videregående skule er meir enn skule i sine regioner
Ungdommen er framtida og ikkje problemet .
Det skortar på pengar. Ungdommen er ikkje eit middel til å oppretthalde skular , det kan kun gjerast med pengar.
Dei videregående skulane i fylket er først og fremst skule, men og viktige kompetansearbeidsplassar i seg sjøl og medspelere til lokalt næringsliv i sine regioner. Ref. Strategiplan for vidaregåande opplæring.
I vårt fylke har vi sagt at vgs skal være meir enn skule. Da må debatten dreie seg om korleis vi finn pengar til å videreføre og utvikle vgs som verktøy for utvikling og ikkje nedlegging av viktige kompetanse arbeidsplasser og utviklingsverktøy
Da er det kanskje andre midler som må til for å opprettholde dagens struktur .
Ungdommen kan ikkje brukast som verktøy. Ungdommen er framtida.
Det er spennande forslag frå energibransjen å etablere eit nytt studietilbod ved høgskulen si ingeniørutdanning i Førde,tilpassa bransjen sine behov.
Sogn og Fjordane arbeidarparti vil jobbe for å auke antall studentplasser og fleire studier ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er sannsynligvis ei av dei viktigaste oppgåvene dei kommande åra , dersom vi vil ha utvikling og folketalsvekst.
Ungdom søker kunnskap og eit næringsliv i utvikling treng raskere og stadig ferskere kunnskap.
Det er eit dilemma i fylket vårt, ungdom som søker kunnskap reiser ut og finn kunnskap, men det er ikkje arbeid å komme attende til.
Nærleik til høgare utdanning har ein sammenheng med utvikling av eksisterande næringsliv og etablering av nye næringar.
Sogn og Fjordane Arbeiderpartiet vil nytte naturresurser som kan gje oss energi. Det krev kunnskap , forsking og utvikling lokalt.
Eit næringsliv med kort avstand til forsknings og studiestader, har større moglegheit til å lykkast i sitt eige FOU arbeid og samtidig rekruttere kompetent arbeidskraft. Det er naudsynt å bygge kompetanse miljø for å sikre vårt fylke si energisatsing og næringslivet her i fylke tilgang på kompetanse og arbeidskraft.
Det fins ikkje sterke nok ord for den avskylege handlinga som er utført i Oslo og på Utøya i dag.
Vi må stille opp for kvar andre og aller mest må vi ta vare på dei som har opplevd å miste sine kjære .
Alle blir berørt når nokon går til angrep på uskyldige og heile demokratiet på ein slik måte. Å skape frykt er avskyleg og må takast avstand frå.
Arbeiderpartiet | ||
Mest brukte soner | ||
Velkommen til nettsida vår! Her kan du lese om vår politikk og politikarar, sjå kva aktivitetar vi har og ikkje minst delta i debatten sjølv!
Val 2011 Sogn og Fjordane er Firda si dekking av valkampen.
Val 2011 Fylkestinget er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no.
Val 2011 Førde er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Førde. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no.
Nye i Jorunn Kjersti Eides krets | ||