Vegards bidrag

Takk for opprydding natt til 1. mai

Eg må verkeleg seie eg er imponert over dei vaksne og ansvarlege personane som gjekk rundt på Sanden natt til 1. og rydda opp etter oss som hadde fest der. Eg såg ikkje noko som helst spor etter fest når eg kom ned til Naustdal fredag ettermiddag, og eg rettar all takk til dei som brukte kvelden og natta si på å rydde opp slik at Sanden framleis ser fantastisk ut!:D

Endå ein gong, tusen takk for ei fantastisk opprydding!: ) De anar ikkje kor mykje vi set pris på det: )

Rampen Ungdomsklubb

Så no er det snart tid for å flytte Rampen Ungdomsklubb til det nye lokalet i 1. etasje i gamle bakeriet, same bygget som Loffen Barnehage.

Kommunen sitt budsjett er godkjend at fylkesmannen (fleire veker sidan), og no er det ingenting att i vegen for at vi skal få flytte ungdomsklubben.

For dei som ikkje veit om dette, så skal Rampen Ungdomsklubb flyttast ut frå Gamlemeieriet og inn i 1. etasje der med Loffen Barnehage. Det blir ei oppgradering frå 110 kvadratmeter til ca 200 kvadratmeter, samt at det blir ein del pengar til oppdragering og innkjøp av nytt utstyr.

Også noko eg har sakna mykje på Rampen, er gode siteplassar, det blir det massevis av på nye Rampen, og eg gler meg til å ta i eit tak for å få pussa opp lokala.

Det vil være snakk om ein del dugnad, spesielt blant born og unge for å få lokala gjort heilt klare, det vil verte leigde inn snikkarar for å ta ned ein vegg som må vekk for å få danse- /diskotekrom, og å legge nytt gulv i det rommet. Resten av lokalet vil verte fiksa opp på dugnad både blant ungdom, og forhåpentleg også av vaksne: )

Eg gler meg verkeleg til dette blir ferdig, og eg håpar det skjer så fort som mogleg!

PS: Nei det er ikkje snakk om lange byråkratirunder på dette, heile kommunestyret var einige om saka, og det har gått med stormsteg gjennom alt av byråkrati for å støtte ungdomen på best mogleg måte, noko Naustdal har vore utruleg flinke med: ) Eg vil også påstå at Ungdomsrådet har hatt ein del med saka å gjere: )

Presentasjon: )

Hei alle Naustedølingar og eventuelt andre som er innom: )

Eg ynskjer å lage ein tråd der alle presenterar seg, kven dei er, kva dei jobbar med og diverse av den typen. Det kan være interessant / morosamt å lese kva folk gjere og kva diversitet vi har her i vår gode bygd.

De nyeste sonene til Vegard

Vegard S. har ikke anbefalt noen soner ennå. Vi viser derfor de nyeste sonene Vegard S. har blitt medlem i.

Nye i Vegards krets

Magny S.
Kjetil H.
Tor B.
Karianne A. T.
Anette S.
Ingrid H.