Hjørdis Elises bidrag

Kompensasjon for industrien sine indirekte kvotekostnader

Regjeringa vil innafor rammene av EU sine retningslinjer for statsstøtte etablera ei ordning for kompensasjon av indirekte kvotekostnader i Norge. Dette kjem fram i RNB som vart framlagt i dag.

Faren for karbonlekkasje dvs at industrien nedskalerar aktiviteten i Norge, legg ned eller lokaliserar seg i andre land med svakare klimareguleringar vert kraftig redusert, sidan industrien vil få kompensert for auka kraftprisar som følge av kvotesystemet.

Det er venta at EU-kommisjonen vil legge fram retningslinjer for kompensasjon i løpet av våren, og vi følgjer denne saka tett, og arbeidar aktivt ovanfor Kommisjonen for at retningslinjene skal ivareta norske hensyn.

I innspel til Kommmisjonen er det også vist til at Norge er opptekne av at retningslinjene ikkje vert utforma slik at dei undergrev prissignala i kvotesystemet og muligheitene for å få på plass ein global klimaavtale.

Med ei slik kompensasjonsordning vil energikostnadane i Norge ikkje vera til hinder for at for eksempel Hydro investerar i nye hallar i Høyanger og Årdal, så når markedsprisen igjen aukar på aluminium slik at det vert lønssomt å auka produksjonen, så forventar eg at investeringane kjem.

Ingrid Heggø
stortingsrepresentant.

Kvikksølvlasta må fjernast

Sogn og Fjordane Arbeidarparti støttar Hordaland Arbeiderparti sitt krav om at kvikksølvlasta frå U-864 ved Fedje vert fjerna raskt på ein trygg måte, med heving av vraket.
For meir informasjon, kontakt Nils P. Støyva 911 03 124.

Møte med ordførarane

Mandag 11. juni kl. 17.30 til 20.00, Skei Hotel i Jølster

De nyeste bildene til Hjørdis Elise

Mest brukte soner

Nye i Hjørdis Elises krets

Thor E. S.
User_128x128Bente K.
Alf V. S.
User_128x128Johan K. K.
User_128x128Øyvind N.
Thor M.