![]() |
Hei
Eg er stortingskandidat for Hordaland Arbeiderparti.
Eg står på femteplass på lista og har faktisk god sjanse til å bli valgt inn på Stortinget til hausten,men det kan nok ikkje skje utan at både eg og andre trør ekstra ti framover mot valget 14 september
Magnes bidrag | ||

Å vera medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen inneber at du stadig møter folk som er utålmodige og som sterkt meiner at meir skulle vore gjort mykje fortare. Det er svært inspirerande å vera i eit politikkområde med slikt trøkk, og det gjer at me stadig leitar etter dei beste løysingane. Godt er det då å få virka innanfor eit felt som av mange no vert karakterisert som budsjettvinnar sier Magne Rommetveit
Eit stort løft for veg- og jernbanenettet
Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett inneber at me for neste år tek endå eit stort løft
for veg- og jernbanenettet i landet. Det er særleg gledeleg at me nå får ei spesiell
satsing på drift og vedlikehald. Som gammal ordførar veit eg at det er veldig stas å
klyppa snorer og opna nye anlegg. Likevel er det minst like viktig å ta vare på den
infrastrukturen me allereie har, både for å betra trafikktryggleiken og for å sikra betre
framkome og livskvalitet for folk som ferdast på veg og på bane. Det føreslege budsjettet
vil stansa forfallet på vegane våre, og det vil starta arbeidet med å ta igjen etterslepet på
jernbanen.
Satsinga på veg og bane er med sine 29,4 milliardar kroner på eit historisk høgt nivå.
Med dette har løyvingane til veg auka med om lag 44 prosent sidan 2005, og til
jernbane med om lag 67 prosent.
Vegvedlikehald vert med dette budsjettet auka med heile 60 prosent. Dette gjer
det mogleg å dekka store behov som følgje av opparbeidd etterslep i vedlikehaldet,
kostnadsauke, trafikkauke og nye veganlegg. Løyvinga vil også gje 1000 km med nytt
asfaltdekke på riksvegane.
Nær 7 milliadar kroner som statleg løyving til veginnvesteringar vil gje mykje ny
veg, og bidra til tryggare og betre framkome og til redusert reisetid for mange.
Og sidan me ikkje har bompengeallergi, drygar me desse milliardane med
ytterlegare 3-4 milliardar i bompengar. Dermed vert det bygd nye vegar for over
10 milliardar kroner i 2011.
Kravet til Nasjonal rassikringsgruppe innfridd
Regjeringa sitt mål om ein milliardar kroner årleg til rassikring i perioden 2010-2019,
vert fulgt opp i dette budsjettet. Dermed er det gamle kravet til Nasjonal
rassikringsgruppe innfridd for første gong. Regjeringa si satsing på rassikring gir
auka livskvalitet for folk som er busette langs rasutsette strekningar, og det inneber
høgare effektivitet for næringslivet.
Meir påliteleg togtrafikk
Det er avgjerande at me får meir påliteleg togtrafikk. Derfor er det gledeleg at regjeringa held fram med det budsjettløftet for jernbanen som blei starta i 2005.
Forslaget for 2011 er på 11,5 milliardar kroner til jernbaneføremål.
Aldri før har det blitt brukt meir. Med nær 5 milliardar kroner til drift og vedlikehald
går regjeringa lengre enn det som er lagt til grunn i NTP-ramma, og sikrar
ei rask og naudsynt betring av jernbanen i Noreg. Det høge investeringsnivået i
vår regjeringsid gjer at dobbeltsporet Lysaker-Asker kan opnast neste år. Me
har og god framdrift i fleire andre store jernbaneprosjekt.
Betre kollektivtransport og mindre bilbruk
Det ligg store satsingar på kollektivtrafikk og andre miljøtiltak i regjeringa sitt budsjettforslag. ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane” er auka med om lag 30 prosent til 431 mill. kroner. Byar som satsar på god kollektivtrafikk og bilavgrensande tiltak som køprising eller rushtidsavgift, vil kunna nyta godt av denne stimuleringsordninga. Det gjer at dei som faktisk må køyra, mellom anna varetransporten, får betre plass og kjem fram i rett tid.
El-bilar vil med dette budsjettet framleis ha tilgang til kollektivfelt, til å passera gratis i bomring, gratis offentleg parkering og gratis frakt med riksvegferjer. Det blir også ekstra frådrag i eingongsavgifta for bilar med utslepp under 50 gram CO2/km, og halv sats på vegbruksavgifta for biodiesel vert vidareført.
I dette budsjettforslaget vert også vilkåra for sjøtransporten betra, mellom anna ved at kystavgifta vert redusert med 29,2 mill. kroner og løyvinga til utbyggjing av havner og farleier og styrking av oljevernberedskapen vert auka med nær 90 mill. kroner.
Å vera medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen inneber at du stadig møter folk som er utålmodige og som sterkt meiner at meir skulle vore gjort mykje fortare. Det er svært inspirerande å vera i eit politikkområde med slikt trøkk, og det gjer at me stadig leitar etter dei beste løysingane. Godt er det då å få virka innanfor eit felt som av mange no vert karakterisert som budsjettvinnar.
Eit stort løft for veg- og jernbanenettet
Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett inneber at me for neste år tek endå eit stort løft
for veg- og jernbanenettet i landet. Det er særleg gledeleg at me nå får ei spesiell
satsing på drift og vedlikehald. Som gammal ordførar veit eg at det er veldig stas å
klyppa snorer og opna nye anlegg. Likevel er det minst like viktig å ta vare på den
infrastrukturen me allereie har, både for å betra trafikktryggleiken og for å sikra betre
framkome og livskvalitet for folk som ferdast på veg og på bane. Det føreslege budsjettet
vil stansa forfallet på vegane våre, og det vil starta arbeidet med å ta igjen etterslepet på
jernbanen.
Satsinga på veg og bane er med sine 29,4 milliardar kroner på eit historisk høgt nivå.
Med dette har løyvingane til veg auka med om lag 44 prosent sidan 2005, og til
jernbane med om lag 67 prosent.
Vegvedlikehald vert med dette budsjettet auka med heile 60 prosent. Dette gjer
det mogleg å dekka store behov som følgje av opparbeidd etterslep i vedlikehaldet,
kostnadsauke, trafikkauke og nye veganlegg. Løyvinga vil også gje 1000 km med nytt
asfaltdekke på riksvegane.
Nær 7 milliadar kroner som statleg løyving til veginnvesteringar vil gje mykje ny
veg, og bidra til tryggare og betre framkome og til redusert reisetid for mange.
Og sidan me ikkje har bompengeallergi, drygar me desse milliardane med
ytterlegare 3-4 milliardar i bompengar. Dermed vert det bygd nye vegar for over
10 milliardar kroner i 2011.
Kravet til Nasjonal rassikringsgruppe innfridd
Regjeringa sitt mål om ein milliardar kroner årleg til rassikring i perioden 2010-2019,
vert fulgt opp i dette budsjettet. Dermed er det gamle kravet til Nasjonal
rassikringsgruppe innfridd for første gong. Regjeringa si satsing på rassikring gir
auka livskvalitet for folk som er busette langs rasutsette strekningar, og det inneber
høgare effektivitet for næringslivet.
Meir påliteleg togtrafikk
Det er avgjerande at me får meir påliteleg togtrafikk. Derfor er det gledeleg at regjeringa held fram med det budsjettløftet for jernbanen som blei starta i 2005.
Forslaget for 2011 er på 11,5 milliardar kroner til jernbaneføremål.
Aldri før har det blitt brukt meir. Med nær 5 milliardar kroner til drift og vedlikehald
går regjeringa lengre enn det som er lagt til grunn i NTP-ramma, og sikrar
ei rask og naudsynt betring av jernbanen i Noreg. Det høge investeringsnivået i
vår regjeringsid gjer at dobbeltsporet Lysaker-Asker kan opnast neste år. Me
har og god framdrift i fleire andre store jernbaneprosjekt.
Betre kollektivtransport og mindre bilbruk
Det ligg store satsingar på kollektivtrafikk og andre miljøtiltak i regjeringa sitt budsjettforslag. ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane” er auka med om lag 30 prosent til 431 mill. kroner. Byar som satsar på god kollektivtrafikk og bilavgrensande tiltak som køprising eller rushtidsavgift, vil kunna nyta godt av denne stimuleringsordninga. Det gjer at dei som faktisk må køyra, mellom anna varetransporten, får betre plass og kjem fram i rett tid.
El-bilar vil med dette budsjettet framleis ha tilgang til kollektivfelt, til å passera gratis i bomring, gratis offentleg parkering og gratis frakt med riksvegferjer. Det blir også ekstra frådrag i eingongsavgifta for bilar med utslepp under 50 gram CO2/km, og halv sats på vegbruksavgifta for biodiesel vert vidareført.
I dette budsjettforslaget vert også vilkåra for sjøtransporten betra, mellom anna ved at kystavgifta vert redusert med 29,2 mill. kroner og løyvinga til utbyggjing av havner og farleier og styrking av oljevernberedskapen vert auka med nær 90 mill. kroner.
Arbeiderpartiet | ||
Mest brukte soner | ||
Statsministerens offisielle blogg
I denne sonen på mittArbeiderparti vil du kunne følge med på og delta i den miljø- og klimapolitiske debatten i Arbeiderpartiet. Du vil kunne kontakte våre miljøpolitikere, og følge aktuelle saker.
Den offisielle 1. mai-nettsiden
I denne sonen får du nyheter, blogginnlegg og debatter fra våre politikere som arbeider med spørsmål knyttet til arbeids- og sosialpolitikk.
Her finner du hjelp, støtte og svar på dine spørsmål om mittArbeiderparti
I løpet av 2010 skal Hordaland Arbeiderparti utforme og utvikle et fremtidsrettet fylkestingsprogram som skal legge føringer for det politiske arbeidet i perioden 2011-2015. Her kan du komme med dine meninger, komentarer og bidrag til programmet.