Andreas Moes bidrag

Vil støtta verksemdene

Stord Arbeidarparti fekk støtte frå årsmøtet i fylkespartiet i mange viktige saker. – Dette viser at Hordaland Arbeiderparti spelar på lag med næringslivet og regionen vår, seier leiar i Stord Arbeidarparti, Aud Berit Alsaker Haynes.

Hordaland Arbeiderparti vedtok mellom anna desse sakene:

  • Dei ulike støtteordningane må i større grad tilpassast verksemdene sine behov, og i mindre grad knytast til geografi, eigarskap eller storleik på bedriftene.
  • Hordaland Arbeiderparti vil ha auka innanlands bruk av gass frå norsk sokkel.
  • Energiforsyningskravet i teknisk forskrift må endrast, slik at vi kan nytta naturgass og fjernvarme som energikjelde i bygg.
  • Stat og fylkeskommunane må sitja i førarsetet for å fremje utskifting av ferjeflåten
  • Arbeida for at batteriferjer, og andre miljøvennlege ferger, tek over flest mogleg ferjesamband langs kysten.
  • Vidareutvikle høgskuletilbodet innan maritime næringar, i samarbeid med Sjøkrigsskolen, Universitet i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.
  • Det er avgjerande med tverrpolitisk semje for å få ferjefri Kyststamvegen i vårt fylke inn på neste NTP. Arbeiderpartiet går for indre traseen.
  • Hordaland Arbeidarparti krev at ein fjernar ventedagane i dagpengeordninga og at ein opnar for at bedriftene kan rullera permiteringar utan at bedriftene må dekka ein ny arbeidsgjevarperiode
  • Hordaland Arbeidarparti uttrykker sterk bekymring for innstramminga av regelverket for permitteringar gjort gjeldane frå 1.januar 2012. Ein ber regjeringa følga marknadane nøye og revurdera ordninga på bakgrunn av signal ein får.
  • Hordaland Arbeidarparti ønsker en sterkere samhandling og dialog mellom det kommunale barnevernet og det Statlige Barnevernet i Region Vest. Hordaland AP vil ta initiativ til at kommunenes interesseorganisasjon (KS) blir brukt aktivt til å styrke samarbeidet og til å følge opp den overordnede samhandlingsavtalen mellom Bufetat og regionene i Hordaland.
  • Skyss må legge til rette for fornuftig korrespondanse mellom buss- og ferjeavganger
  • Skyss må samarbeide med private transportselskaper utenom de kollektivreiser som er anbudsutsatt hvor dette er hensiktsmessig. Dette gjelder for eksempel Kystbussen og Flaggruten til Haugesund.
  • Hordaland Arbeiderparti vil også peke på viktigheten av at Stord Lufthavn blir sikret statlig finansiering.

Herstad inn i Fonna-styret

Stord Arbeidarparti sin gruppeleiar, Harry Herstad, blei i dag vald inn i styret for Helse Fonna.

Les meir hjå Helse Vest

Alsaker Haynes tek over

Aud Berit Alsaker Haynes blei samrøystes vald til ny leiar i Stord Arbeidarparti på årsmøtet måndag.

Alsaker Haynes var i seksten år kommunestyrerepresentant, dei siste to periodane gruppeleiar, før ho gav seg med kommunepolitikken etter valet i fjor. I tillegg til verva som nestleiar i styrene til Helse Vest og Stord vatn og avlaup KF, arbeider Alsaker Haynes i Aker Solutions. Ho har dei siste tre åra vore nestleiar i Stord Arbeidarparti.

Med seg i styret får ho nestleiar og gruppeleiar Harry Herstad, kasserar Tordis Nysæter, sekretær Gro Bommen og styremedlemmene Amram Hadida, Katrin Innvær Ankervold og Hans Martin Haavik.

Årsmøtet valde i tillegg vararepresentantane Isabel Tofte, Edgar Damås, Christoffer Rafdal og Nils Tore Gram Økland til styret.

Andreas Moe Larsen hadde på førehand takka nei til attval etter tre år som leiar. Christian Danmo gav seg som styremedlem.

Årsmøtet måndag samla mange medlemmer til det viktigaste årlege møtet i lokallaget. I tillegg til val til tillitsverv og godkjenning av årsrekneskap og årsmeldingar, blei det vedteke to organisatoriske og 15 politiske framlegg. Stortingsrepresentant Hilde Magnusson haldt ei innleiing som engasjerte medlemmene til politisk debatt.

Nyvald leiar Aud Berit Alsaker Haynes saman med avtroppande leiar Andreas Moe Larsen. Alle foto: Stord Ap/Henny Førland Berger

Mest brukte soner

Nye i Andreas Moes krets

Arild T. L.
amram h.
Jan C. V.
Marte I.
Magne R.
Inge Ø.