Stortingsrepresentant
Er veldig klar for å kjempe for folk i Sogn og Fjordane sine interesser..! :-)
Tors bidrag | ||
Ei av dei store utfordringane for norsk helsevesen i eit 15-20 års perspektiv blir å utdanne nok helsepersonell med rett kompetanse.
Statistisk sentralbyrå sin analysar tilseier eit behov på 95-135 000 nye helsearbeidarar i perioden fram til 2030.
Når eg startar slik så er det ikkje fordi at me er sørgjeleg på etterskot eller at det ser svært mørkt ut.
Tvert imot. I dei to siste åra er talet på studieplassar ved sjukepleiarutdanninga auka med 800 plassar. Og eg er trygg på at dei auka ungdomskulla i tida framover også vil kome helsesektoren ytterlegare til gode.
Opposisjonspartia driv ei systematisk og repeterande svartmåling av norsk helsevesen. Dagleg kan me høyra om kor langt forfallet på sjukehusa og i helsesektoren er komne.
Eg vil sei det slik at det er lite kledeleg for folkevalte som har tatt mål av seg til sitja i regjeringsposisjon. Det er dessutan riv ruskande feil, og det er ikkje minst urettferdig i forhold til alle dei dyktige fagfolka som kvar dag gjer ein kjempejobb for sjuke og pleietrengande menneskje. Det einaste opposisjonen oppnår med dette er å snakke ned tilliten til helsevesenet vårt.
Behovet på over 100 000 årsverk er stipulert til å utgjere heile 44% av all ledig arbeidskraft.
Dette høyrest urovekkande mykje ut, men etter mitt syn så må det sjåast i samanheng med ei forventa og naudsynt innovasjon og teknologiutvikling i både privat og offentleg sektor.
Industrien vår vil av mange grunnar måtte ta i bruk ny teknologi i staden for arbeidskraft som då i større grad kan settast inn i offentleg velferdsproduksjon.
Innføring av samhandlingsreforma med stor fokus på det helseførebyggande arbeidet og auken av eldre og livstilssjukdomar vil krevje ei full gjennomgang av helseutdanningane. På same måte som lærarutdanninga har fått si gjennomgang, må også helseutdanningane få ei full gjennomgang og i større grad tilpassast framtida sine behov.
Det ser ut til at sjukepleiarutdanninga er i rute i den nære framtid. Men det blir ei utfordring å få legane ut i landet der folk bur. Det er dessverre ikkje alltid prioritet nummer ein hos dei nyutdanna legane. Det synast meir stas å vere spesialist på eit stort sentralt sjukehus.
Det blir difor ei politisk utfordring i å lykkast med ei god geografisk spreiing av spesielt legetilbodet, og det er naudsynt med ei full gjennomgang og fornying av helse- og sosialutdanningane.
Desse utfordringane vil me i Ap i lag med dei tillitsvalde i helsesektoren ta tak i med stor entusiasme.
Tor Bremer, Ap
Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget
Ei av dei store utfordringane for norsk helsevesen i eit 15-20 års perspektiv blir å utdanne nok helsepersonell med rett kompetanse.
Statistisk sentralbyrå sin analysar tilseier eit behov på 95-135 000 nye helsearbeidarar i perioden fram til 2030.
Når eg startar slik så er det ikkje fordi at me er sørgjeleg på etterskot eller at det ser svært mørkt ut.
Tvert imot. I dei to siste åra er talet på studieplassar ved sjukepleiarutdanninga auka med 800 plassar. Og eg er trygg på at dei auka ungdomskulla i tida framover også vil kome helsesektoren ytterlegare til gode.
Opposisjonspartia driv ei systematisk og repeterande svartmåling av norsk helsevesen.
Dagleg kan me høyra om kor langt forfallet på sjukehusa og i helsesektoren er komne.
Eg vil sei det slik at det er lite kledeleg for folkevalte som har tatt mål av seg til sitja i regjeringsposisjon. Det er dessutan riv ruskande feil, og det er ikkje minst urettferdig i forhold til alle dei dyktige fagfolka som kvar dag gjer ein kjempejobb for sjuke og pleietrengande menneskje. Det einaste opposisjonen oppnår med dette er å snakke ned tilliten til helsevesenet vårt.
Behovet på over 100 000 årsverk er stipulert til å utgjere heile 44% av all ledig arbeidskraft.
Dette høyrest urovekkande mykje ut, men etter mitt syn så må det sjåast i samanheng med ei forventa og naudsynt innovasjon og teknologiutvikling i både privat og offentleg sektor.
Industrien vår vil av mange grunnar måtte ta i bruk ny teknologi i staden for arbeidskraft som då i større grad kan settast inn i offentleg velferdsproduksjon.
Innføring av samhandlingsreforma med stor fokus på det helseførebyggande arbeidet og auken av eldre og livstilssjukdomar vil krevje ei full gjennomgang av helseutdanningane. På same måte som lærarutdanninga har fått si gjennomgang, må også helseutdanningane få ei full gjennomgang og i større grad tilpassast framtida sine behov.
Det ser ut til at sjukepleiarutdanninga er i rute i den nære framtid. Men det blir ei utfordring å få legane ut i landet der folk bur. Det er dessverre ikkje alltid prioritet nummer ein hos dei nyutdanna legane. Det synast meir stas å vere spesialist på eit stort sentralt sjukehus.
Det blir difor ei politisk utfordring i å lykkast med ei god geografisk spreiing av spesielt legetilbodet, og det er naudsynt med ei full gjennomgang og fornying av helse- og sosialutdanningane.
Desse utfordringane vil me i Ap i lag med dei tillitsvalde i helsesektoren ta tak i med stor entusiasme.
Tor Bremer, Ap
Norge som kunnskapsnasjon må vere i europeisk eliteserie innan høgare utdanning og forsking.
Kvifor er det nødvendig å vere tydleg på det perspektivet?
Jau, det er basert på forventningar om at ikkje berre nåverande, men også framtidig norsk offentleg velferdsproduksjon skal vere den fremste i verda både når det gjeld kvalitet og tilgjengelegheit for alle.
Dei forventningane er, og skal vere, ambisiøse.
Dette kobla til det faktum at norsk økonomi, som er svært petroleumsbasert og som med all sannsynlegheit vil holde eit høgt kostnadsnivå i oversiktleg framtid, tilseier at vi må vere i europisk toppsjikt i høgare utdanning og forsking.
Dersom me slår oss til ro og tenker som så at me har då så mykje peng i dette landet at det er ikkje så farleg om me senker litt på krava til kvalitet i skulen, slik som Høgre ivrar for i yrkesutdaninga, eller om me i all bedagelegheit synst at det er ok at utdaninga og forskinga ligg på middels nivå i forhold til resten av Europa, ja då er det stor fare for at det går utover innovasjonsevna i næringslivet, sysselsettinga, verdiskapinga og i neste omgang kvaliteten på dei offentlege velferdstenestene.
Det er dette som må vere perspektivet når me diskuterar denne saka.
Skal også framtidige generasjonar oppleve at petroleumsinntektene er med å sikre velferdssamfunnet så må dei forvaltast på ein måte som ikkje påføre oss den hollandske sjuka.
Kva skal me for eks med førsteklasses vegar viss pengebruken har radert ut industrien vår og dermed mykje av den framtidige verdiskapinga?
St. meld nr. 44 “Utdanningslinja” og St. meld nr 30 ”Klima for forsking”, synleggjer på ein god måte både kvifor det er avgjerande viktig med eit høgt internasjonalt nivå på høgare utdaning og forskinga og kva utfordringar vi står framføre for å nå dette målet.
Ap og regjeringa har tatt eit prisverdig oppgjer med høgresida sin næringsnøytrale næringspolitikk.
Regjeringa sin næringspolitikken tydleg innretta mot dei næringane og dei næringsklyngene der Norge i global samanheng har openbare fortrinn.
Eg vil her minna om Torgeir Reve som heilt korrekt har påpeikar at vi innanfor
-maritim/marin sektor
-energi
-petroleum
-fiskeri/ havbruk
-reiseliv
- og for eigen del legga til, lettmetal, har internasjonale næringsklynger som ligg heilt i front.
I motsetnad til høgresida meinar vi i Ap at dette er områder der vi må ha ein ekstra stor fokus. Desse næringsklyngene har større innovasjon, sterkare vekst, høgare produktivitet, og for oss som er opptatt av arbeidarrørsla, så er det hyggeleg å påpeike at her finn vi også ei høgare gjennomsnittleg lønn hos dei tilsette.
Skal me lykkast med denne næringspolitikken, så må også den næringsretta utdanings- og forskingspolitikken ha ei ei tydleg kobling mot dette perspektivet.
Deler av den forskinga som føregår i næringslivet er allereie i global eliteserie.
Eg vil her spesielt nemne Hydro sin forskingsavdeling i Årdal som ligg heilt i front når det gjeld både forsking og i neste omgang produksjon av miljøvenleg teknologi til aluminiumsindustrien. Her er Norge verdsleiande. På same måte må det regionale utviklingsarbeidet gå som hånd i hanske med forskinga.
Min konklusjon er at me har gode moglegheiter for å kunne hevde oss blant dei fremste i europeisk perspektiv, men då må me i større grad konsentrere oss om dei områdene der me har eit fortrinn.
Og me har gode moglegheiter til å lykkast fordi det hyggeleg er at 90% av alle forskarar som har levd, ja dei lever i dag.
Kunnskap og ikkje minst, læreevne er nå langt viktigare enn kapital, lønnsnivå og naturressursar for eit land sin verdiskaping og konkuranseevne.
Kunnskap er med andre ord det viktigaste verktøyet for å skape eit bedre samfunn.
Då er eg tilbake til der eg starta. Norsk forsking og kunnskapsproduksjon må så absolutt spela i europeisk eliteserie.
Tor Bremer
Stortingsrepresentant for Ap

Debatten som Stjernø-utvalet starta om ein ny struktur i høgare utdanning har ikkje stoppa .
Det vil seie, vi opplever at sektoren no sjølv går frå ord til handling.
Det vitnar om at ein ikkje berre tar konsekvensen av dei store utfordringane men også dei spennande moglegheitene som byr seg.
Eg trur at timingen og rettningen på dei prosessane som går er god. Dei bere preg av at utdanningsinstitusjonane møter stigane forventningar. Kravet til internasjonal kvalitet i undervisninga og forskinga blir stadig sterkare.
Det er bra. Vi kan faktisk ikkje tillate oss at Norge som kunnskapsnasjon kun er middelmådig på dette området.
Det er av ulike grunnar god grunn til å tru at det norske kostnadsnivået kjem til å ligge høgt i lang tid framover. Difor må vi ikkje sakte akterut når det gjeld kvaliteten på undervisninga og forskinga. Vi må vere i forkant.
Norge har i dag ein godt utbygd struktur av universitet og høgskular som på ein vellykka måte har sikra alle deler av landet tilgang til høgare utdanning.
Men denne strukturen opplevest av mange til å vere under press. Nokre studiestader har svak rekruttering av studentar og evalueringar har påvist sviktande kvalitet i fleire sentrale utdanningar. Dette er naturlegvis urovekkande.
Mange av dei prosessane vi nå er vitne til er eit resultat av denne utviklinga.
I Ap ønskjer vi difor dette velkomen. Det er viktig at institusjonane, gjerne i samspell med nasjonale myndigheiter, finn dei løysingane som på ein best mogleg måte balanserar omsynet til fremjing av kvalitet i undervisninga og forskinga med fortsatt tilgangen til høgare utdanning i heile landet.
Det er også slik at meir og meir av forskinga er basert på eit internasjonalt samarbeid.
Det er utelukkand positivt men kan vere utfordrande og til dels vanskeleg å meistre for dei minste institusjonane og dei svakaste faglege miljøa.
Men det er grunn til å tru at mange institusjonar gjennom ei nødvendig oppgåvefordeling og spissing av tilbodet vil kunne utfylle kvarandre på ein økonomisk og rasjonell måte og slik møte desse utfordringane på ein god måte.
Dette vil også gjere dei meir attraktive både når det gjeld tilgangen på studentar og ikkje minst tilgangen på høgkvalifiserte fagfolk, noko som er ei stor utfordring for mange institusjonar.
Ei slik spissing av tilbodet på spesielt dei små studiestadene, vil kunne styrke det faglege miljøet og blir meir attraktive for personar med til dømes doktorgradsutdanning.
I framtida vil institusjonane innan høgare utdanning bli heilt sentrale kryssningspunkt i den regionale utviklinga.
Dette kjem tydleg til uttrykk gjennom aukande forventningar til høgskulane om å bidra til utviklinga av regionalt og lokalt næringsliv samt offentleg sektor.
Den regionale utviklinga må i framtida bli enno tydlegare på at den er forsking- og kunnskapsbasert.
Men desse forventningane blir vanskeleg å imøtekomme utan ein høgare kompetanse enn kva mange av dei minste miljøa har i dag.
Difor er det nausynt, også av denne grunn, med ei spesialisering og spissing av tilboda.
Etter Høgskulereforma i 1994 har den geografiske strukturen på studiestadene vore tilnærma fastfrosen.
Dei pågåande samtalane som har som siktemål tettare samarbeid, oppgåvefordeling og i nokre tilfelle samanslåing, er difor naturlege.
Det er i dag relativt stor semje mellom dei politiske partia i synet på storleiken og innretninga på pengebruken innan høgare utdanning og forsking.
Det er ein kvalitet og ein ubetinga styrke i utviklinga av Norge som kunnskapsnasjon.
Arbeidarpartiet og Regjeringen har store ambisjonar og forventningar til utdannings- og forskingspolitikken vår.
Det er knytt til det faktum at skal vi kunne løyse alle dei store utfordringane våre, både nasjonalt og globalt, ja då finn vi faktisk svaret nettopp i utdannings- og forskingspolitikken.
Men når det er sagt så må eg få lov å peika på at dette er inga ny situasjon for oss i Arbeidarpartiet.
Arbeidarrørsla er tufta på to grunnleggande og tidlause behov, nemeleg retten til velferd og retten til utdanning.
Dette går som ein tydleg raud tråd gjennom den 160 år lange historia vår heilt frå Marcus Thrane danna den første sosialdemokratiske foreninga.
Difor ser me ikkje på den store veksten i studenttilgangen som noko problem. Tvert imot! Dette er ein aldeles fantastisk moglegheit.
Dette er studentar som me meir enn gjerne tar imot med opne armar.
Dette gjev oss ein stor moglegheit til å bryte det historiske mønsteret med at det i alt for stor grad er borna til foreldre med høgare utdanning som søker seg til universiteta og høgskulane våre.
Arbeidarpartiet vil ikkje vere med på å stenga nokon ute frå høgare utdanning. Kunnskapstilgangen må ikkje avgrensast til kun eliten.
Men sjølv om det ønskjeleg at fleire ungdommar tar høgare utdanning, så er det betimeleg med litt nøkternheit i bruk av tal.
Opposisjonen og enkelte media går seg bokstavleg talt bort i studentmassen. Dei misser oversikta og slår nærmast bombastisk fast at veksten dei neste fire åra blir på formidable 80000 nye studentar.
Vel vel, det får stå for deira eiga rekning. Men om ein i tillegg til den demografiske framskrivinga legg til grunn ein vekst på 10% så endar ein opp med ca 33000 nye studentar i fireårsperioden.
Gjennom ein kombinasjon mellom oppretting av nye studieplassar, utnytting av ledig kapasitet og studiar i utlandet, skal alle studentane oppleve ei utdanning av høg internasjonal kvalitet.
Eg er ògså trygg på at mange av dei minste høgskulane som til dømes Høgskulen i Sogn og Fjordane, vil få ei pen auke i studenttalet i framtida.
Forskingspolitikken er sjølve ryggraden i regjeringa sin politikk.
Forskingsinnsatsen er ein føresetnad og eit viktig verkemiddel for å møte dei globale utfordringane og for å vidareutvikle vårt eige velferdssamfunn. Det er ògså avgjerande i forhold til framtidig verdiskaping.
Sjølv om Norge er eit lite land også i forskingssamanheng, så er forskingsresultata oppsiktsvekkande gode.
Det blir av opposisjonen nærmast påstått at forskinga i Norge går på sparebluss.
Dette er langt frå sanninga. Realiteten er at alle måleparameter visar at resultata innan forskinga er svært god og er i klar framgang.
Eksempelvis ligg me nå an til å nå målsettinga om 1% av BNP til forsking i 2010.
Men sjølv om resultata for sektoren er gode og auken i løyvingane på 1,7 mrd er historiske og rekordhøge, så er det ting å ta tak i.
Observasjonar og tilbakemeldingar frå sektoren tyder på at handlefridommen og moglegheita til å ivareta sjølvstendige forskingsmessige prioriteringar opplevest krevjande.
Opposisjonen sin medisin er veldig sedvanleg. Deira mantra er som vanleg; meir peng, meir peng!
Til det er det å sei, at det er jo alle for. Det er faktisk den lettaste sak i verden å løyve meir pengar, og dei fleste blir veldig glad for det.
Men det løyser ikkje utfordringane, og det er heller ikkje det dette handlar om. Det er ikkje slik at ein har ubegrensa med pengar.
Skal me også i framtida kunne oppnå gode resultat i forskinga så me må nok løfte blikket litt og spørje oss:
Er det slik at ein med fordel kan ta ein gjennomgang av organiseringa og forskingsleiinga i sektoren for å sjå om det er for mange fragmenterte og sprikande fagmiljø?
Kan det vere slik at utdanninga ved institusjonane i for stor grad køyrer parallelle kurs og bind opp forskingskrefter til utdanningsoppgåver?
Og kan vere hensiktsmessig å gjere noko med rekrutteringa og karieremoglegheitene i sektoren?
Eg vil her og nå ikkje gje noko svar på desse spørsmåla men invitere til ein konstruktiv debatt om viktige vegval for forskinga og høgare utdanning i tida framover.
Tor Bremer, Ap
Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen.
Arbeiderpartiet | ||
Soner Tor B. anbefaler | ||
Nye i Tors krets | ||