Tors bidrag

Arbeidsplassar først!

Sogn og Fjordane er fylket som toppar mange skulestatistikkar, har dei høgaste fødselstala pr. kvinne, har minst kriminalitet, lågast arbeidsløyse og relativt små sosiale utfordringar.
Kort sagt, toppar dei gode statistikkane og er på botn på dei dårlege statistikkane.

Med bakgrunn i nemnde statistikkar har folk i Sogn og Fjordane sterke forventningar til styringa av landet.
Når eg møter folk engasjert i reiseliv, i kraftforedlande industri, i fiskematproduksjon, innan maritime næringar og i verkstadindustrien, kort sagt i mykje av arbeidslivet vårt, ja då er signalet; Hold orden i økonomien!
På grunn av den internasjonale gjeldskrisa så er kjøpekrafta i verda rundt oss under sterkt press. Difor må me for alt i verden unngå ein for sterk kronekurs! Varene som me skal selja i utlandet vil bli for dyre.

Det er ein hårfin balansegang mellom ei ukontrollert bruk av oljepengane våre og konsekvensar for eit høgt tal arbeidsplassar i heile landet og særleg i Sogn og Fjordane.
Norsk næringsliv står godt rusta til å møta ein internasjonal konkurranse. Det er ikkje slik at dagens skattenivå er den største trusselen mot våre arbeidsplassar, men ei velmeinande og ukontrollert bruk av oljepeng er trusselen når det motsatte er viktig. Eg er samd i at det er både lett og freistande å seia ja til dei mange gode og naudsynte føremåla som me dagleg ser. Men prisen blir høg å betale når det går utover arbeidsplassane våre.

Norsk økonomi er inne i ein konjunkturoppgang med nedgang i arbeidsløysa. Då er det dårleg politikk å gje økonomisk gass.
Under finanskrisa for nokre år sidan var situasjonen ein annan. Då dempa ein ekspansiv finanspolitikk det økonomiske tilbakeslaget, men førde samtidig bruken av oljeinntektene opp på eit nivå langt over det vedtekne politikken på 4% av avkastninga på fondet.

Det var rett politikk den gongen. No er situasjon stikk motsatt. Difor er økonomisk måtehold no viktig og riktig politikk for verdiskapinga, kostnadsnivået og arbeidsplassane våre.

Ap sin finanspolitikk er altså tilpassa utfordringane. Denne norske samfunnsmodellen verkar svært godt. Frå 2005, då Stoltenberg og Ap tok over, er det skapt 250000 nye arbeidsplassar. 3 av 4 utanfor offentleg sektor.

Mitt forsiktige ønskje er at heile høgresida kunne tilpassa bruken av oljepeng til utfordringane. Det er ikkje slik at meir bruk av oljeinntektene er svaret på alle spørsmål, både i motgang og i medgang slik som Frp sine svar på utfordringane er.

Eg registrerar at Høgre og Frp dagleg snakka om den nye kursen som skal førast etter 2013, men maken til sprik på eit viktig politikkområde skal ein leite langt etter. Det lovar ikkje godt for arbeidsplassane våre om så gale skulle skje.

Arbeidarpartiet er målretta og tydleg på fellesskulen. Me har avblåst privatiseringseksperimentet til Høgre og har no fått ein svært positiv utvikling i skulen.

Arbeidarpartiet er målretta og tydleg på fellesskulen. Me har avblåst privatiseringseksperimentet til Høgre og har no fått ein svært positiv utvikling i skulen.
Sverige har gått motsatt veg, og har ein sterk vekst i private skular som har gitt ein høg grad av inndeling av elevane i ulike grupper. Dette virkar klart negativt på elevprestasjonane.

PISA-undersøkingane og andre internasjonale undersøkingar visar tydleg at resultata i lesing, matematikk og naturfag no har endra seg i svært positiv retning etter at Stoltenberg og Arbeidarpartiet overtok makta etter Bondevik og høgresida i 2005.
Det er med stor glede me ser svært gode skuleresultat spesielt i Sogn og Fjordane.

Me har lagt vekt på tidleg innsats gjennom ei sterk barnehagesatsing. Det er dokumentert at barnehagedeltaking gjev gevinst for språkutviklinga og i neste omgang også leseferdigheitene i skulen.
Vidare ser me gode resultat av satsinga på kompetanseutvikling for lærarar og rektorar.
Truleg er det denne satsinga på rektorutdanninga, eit varig system for vidareutdanning, meir fokus på leseopplæringa, eit eige opplegg for å støtte nyutdanna lærarar og kompetansen i klasseleiing som er nokre av grunnane til dei gode resultata i Sogn og Fjordane.

I botn for ein god skule ligg den norske fellesskulen som sikrar elevane eit godt startgrunnlag i livet.
Det er dette Arbeidarpartiet er opptatt av i skulepolitikken og vil vidareføre.

For Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Åshild Kjelsnes, fylkesordførarkandidat
Tor Bremer, stortingsrepresentant

Arbeidarpartiet har ein raud tråd i skulepolitikken. Det er no meir ro i skulen enn då høgresida hadde ansvaret. Utviklinga går i rett retning og internasjonale undersøkingar visar at det no går mykje betre i skulen.

Hovudmåla i skulepolitikken er at elevane skal lære meir, meistre, trivast og gjennomføre vidaregåande opplæring.
Me er opptatt av å utjamne den sosial ulikskapen i skulen og gje alle like muligheiter til å lukkast i utdanningssystemet. På den måten kan ungdommen skape seg eit godt grunnlag for livet og leve av eige arbeid.

Arbeidarpartiet har tre fokusområde:
- Tidleg innsats: Me må investere meir i dei minste og gje alle ein god start. Difor må me kjempe mot ”vente og sjå” – holdningar i skulen slik at elevane får raskt den nødvendige støtten dei treng for å lære.

- Auka kvalitet i heile utdanninga : Arbeidarpartiet vil kjempa for høgare lærarkompetanse og bedre leiing som er to av fleire satsingsområde for å sikre gjennomgåande høg kvalitet i skulen i alle kommunar.

- Ein meir variert og praktisk skule: Elevane lærer på ulike måtar og treng difor varierte utfordringar for motivasjon og meistring. Dette er hovudspora i dei endringane me arbeider med i heile skuleløpet, men særlig i ungdomsskulen og vidaregåande er dette viktig.

Dette arbeidet ber me i valet om tillit til å kunne fortsette.

For Arbeidarpartiet:

Åshild Kjelsnes-fylkesordførarkandidat
Tor Bremer- stortingsrepresentant

Mest brukte soner

Nye i Tors krets

Eirik F.
Jens M.
Thor M.
Torunn H.
Odd F.
User_128x128Øyvind N.