Sigvald Oppebøens bidrag

Lovgjevinga i landbruket

Eigedomslovgjevinga i landbruket er både omfattande og komplisert.
Stortinget har nå behandla endringar i odelslova, jordlova, og konsesjonslova. Samla legg forskriftene i desse lovene viktige rammer for kva den enkelte kan gjere med eigedommen sin, samtidig som det har betyding for gjennomføring av den landbrukspolitikken eit klart fleirtal i Stortinget stiller seg bak.

Bakgrunnen for å endre lovene, er eit ønske om å forenkle og samordne, samtidig som endringane skal gjere landbrukslovgjevinga meir målretta og effektiv, slik at den på ein betre måte enn i dag kan bidra til at me når våre landbrukspolitiske målsettingar.
Det blir også gjort endringar i arealstørrelsane i odelslova og konsesjonslova, for å unngå at odelsrett, buplikt og konsesjonsplikt knytt seg til eigedomar som har meir karakter av å vere buplass eller fritidseigedom enn landbrukseigedom. Endringane er basert på grundige utgreiingar, først og fremst gjennom odelslovutvalets arbeid, men også gjennom forvaltningsreforma og endringar i forvaltningslovgjevinga.
Høringa som departementet gjennomførte, ga brei støtte til endringsforslaga.

Me har gjennom mange år, av forskjellige årsaker, hatt ein betydeleg nedgang i talet på driftseiningar i landbruket. Sjølv om denne avgangen nå er stagnerande, er det blitt færre aktive gardbrukarar, men me har tilnærma same areal og tal på dyr i produksjon nå som for 20 år sidan. Me ser at landbrukseigedomane blir drive og også busett etter at sjølvstendig drift har opphøyrt. Det er liten tvil om at bu- og driveplikta er ein viktig årsak til at me har greidd å oppretthalde nokolunde busetting i distrikta og eit levande landbruk med sjølveigande bønder.
Samspillet mellom jordlova, konsesjonslova og odelslova bidrar i sterk grad til at me her i landet har eit breitt og mangfaldig landbruk, som balanserar behova for langsiktig og berekraftig ressursforvaltning med matproduksjon og næringsmessig utnytting av dei same ressursane.

Regjeringspartia går inn for endringar som kan innebere både prishopp for landbrukseigedomar og ein klar liberalisering. Eg trur det er viktig at me har eit lovverk som er tilpassa dei ulike rammevilkåra ulike stadar i landet vårt. La meg gå litt nærare inn på desse konkrete endringane. Proposisjonen peikar på at prisrundskrivet bør opne for at ein offentleg myndigheit kan avklare spørsmålet om pris i forkant av salet, noko Arbeidarpartiet støtter. I og med at dagens konsesjonslov legg opp til at priskontrollen skal foretas etter at eit sal har funne stad, har fleire brent seg på at prisen blir nedjustert i etterkant. Denne utryggleiksfaktoren vil me kunne fjerne dersom konsesjonsprisen kan avgjerast på førehand. Då vil både kjøper og seljar vite kva dei har å halde seg til. Me har derfor bedt departementet gjere ei vurdering av om ikkje konsesjonsprisen – som ein hovudregel- skal kunne avgjerast på førehand i forbindelse med arbeidet dei skal gjere med prisrundskrivet.

Når det gjelder odelskretsens omfang, så viser praksis enkelte uheldige utslag. Arbeidarpartiet er derfor med i eit fleirtal der me ber departementet sjå nærare på odelskretsens omfang.

Så har me tatt til orde for at bustadverdien skal kunne aukast ut over dagens nivå, noko som vil kunne bidra til økt omsetningstakt på landbrukseigedomar. Men eg vil her understreke at det er bruksverdien til landbruksformål og kostnadsnivå for landbruksbygg som skal danne grunnlaget for prissetting.

Me ser i dag at det er store forskjellar rundt om i kommune–Noreg når det gjeld praktisering av regelverket om fritak frå buplikt. Muligheitene for å få fritak avhenger av kor i landet du bur, og det kan vere rett. Når me nå innfører arealgrenser og dei skjønnsmessige kriteria bortfell, vil me nok få ein meir lik praktisering av denne forskrifta. Det har likevel vore viktig for oss at lovverket framleis skal kunne opne for lokalt skjønn, sida me her i landet har variert naturgrunnlag og svært ulikt inntektspotensial. Det er vel også slik at vettet er jamt fordelt også rundt om i kommunane, og at lokale tilpassingar kan vere på sin plass.
For oss i Arbeidarpartiet er det avgjerande viktig at regelendringane skal bidra til at buplikta fungerer etter hensikta, som er å få folk til å bu på gardane, og at me får næringsutvikling og aktivitet i bygdene.

Nyskapande og kreativt næringsliv i ei krisetid

Midt oppe i den internasjonale finanskrisa la Regjeringa fram den første stortingsmeldinga som er laga om norsk innovasjonspolitikk. Meldinga vitnar om at Regjeringa har høge ambisjonar innan næringspolitikken, for innovasjonspolitikken blir satt høgt opp på dagsorden. Stortingsmeldinga viser kor viktig innovasjon er for å få til ein berekraftig verdiskaping i norsk økonomi. Den er òg eit viktig bidrag for å nå Regjeringas mål om at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiar i verda innanfor dei områda der me har føremon, slik det står nedfelt i Soria Moria erklæringa.

Eg har merka meg at Regjeringa, i sitt arbeid med meldinga, har lagt vekt på å få innspel frå verksemder og næringsmiljø over heile landet. Det har kome mange verdifulle innspel frå næringslivsaktørar landet over gjennom denne gode dialogen.
Ei undersøking blant over 500 leiarar nyleg viste at satsing på forsking, innovasjon og utdanning er det viktigaste for næringslivet. Dei same leiarane ga klart uttrykk for at lågare skattar og avgifter er heilt uvesentleg i høve til satsing på forsking.

Regjeringa har lagt opp til ei brei og heilskapande tilnærming til innovasjonspolitikken. Den norske modellen blir, av fleire som har kome med innspel til meldinga, framheva som eit viktig grunnlag for innovasjon ved at arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og myndigheiter ser ein felles gevinst i at det blir gjennomført omstillingar og fornying i verksemda. Det at me har ei hovudavtale som forpliktar tilsette og leiinga til å samarbeide om å uvikle verksemda, set ei god ramme for innovasjon og utvikling med brei og aktiv medverknad frå dei tilsette. Andre viktige element som er spelt inn er ei styrking av forskingsinnsatsen, tilgang på kompetent arbeidskraft, innovasjon i delar av offentleg sektor, det at internasjonale selskap vel Noreg som lokaliseringsland, finansielle verkemiddel og auka merksemd på immaterielle rettar.

Innovasjonsevna i norsk næringsliv er i dag altfor låg. Eg meiner det er ekstra viktig å satse offensivt i dagens situasjon, med ein global økonomi som er i tilbakegang. Det er nettopp i nedgangstider, der altfor mange bedrifter har ein tendens til å overfokusere på kostnader og innstrammingar, at ein bør trygge grunnlaget for framtidas vekst og suksess gjennom ein nasjonal dugnad.

Internasjonal konkurranse har i lengre tid vore ein viktig stimulans for innovasjon og omstilling. Varer, kapital og menneskjer flyttast stadig lettare over landegrensene. Norske eksportbedrifter har fått ein større marknad og norske forbrukarar har fått eit større vareutval.

Det er liten tvil om at omstillingar i bedriftene vil medføre ein endra næringsstruktur. Eg ser berre i min eigen region, Telemark og Grenland, der samfunnet på ein god og smidig måte har endra seg frå å vere eit sterkt industrifylke til nå å presentere bedrifter med høg og moderne teknologi. Eg ser klart at både gode omstillingar og gode forbetringar er heilt avgjerande for å overleve.

Omsynet til miljøet er viktig. Tydelege miljøkrav frå myndigheitene saman med gode støtteordningar for miljøvennleg teknologiutvikling må vere viktige drivarar for innovasjon. I tillegg er det viktig å mobilisere ressursar som legg til rette for å utvikle og å forbetre eksisterande miljøteknologi.
Eg vil også trekkje fram at Regjeringa har etablert eit strategisk råd for miljøteknologi der myndigheiter, kunnskapsmiljø og næringsliv er representerte. Der drøftast det sentrale prioriteringar, fokusområde og problemstillingar knytt til ein nasjonal strategi for miljøteknologi.

For å finansiere nye prosjekt må verksemder og gründerar kunne hente inn ekstern finansiering når det er behov for det. Argentum og Investinor er døme på korleis staten kan bruke sin kapitalstyrke til å bidra med kapital til næringslivet. Dei siste 11 åra har det også blitt oppretta i alt 15 såkornfonda rundt om i landet.
Regjeringa har auka løyvingane til næringsretta forsking over Næringsdepartementet sitt budsjett med over 40 % sidan regjeringsskiftet. I tillegg til dette kjem alle dei løyvingane som er ein del av krisepakka – og som Stortinget har slutta seg til. Det har også fått stor oppslutning frå næringslivet.

Næringsretta design må i større grad enn i dag takast i bruk som ein del av innovasjonsprosessen og kunnskapsinnhaldet i produkt og tenester. Me har fleire døme på bedrifter som har brukt design for å framskaffe innovative løysningar som grunnlag for si internasjonale konkurransekraft, til dømes Ulstein sitt nye fartøykonsept, X-Bow med ein baugprofil som kløyver sjøen i standen for å grave seg ned i han.

For å styrke eksisterande næringsliv og legge grunnlag for næringsutvikling og nye verksemder, treng både næringslivet og offentleg sektor ny kunnskap. Forsking og utvikling må derfor prioriterast.
Innovasjon i offentleg sektor er like viktig som i privat sektor. Ein sterk og effektiv offentleg sektor som har evne til å fornye seg i takt med endra behov, er svært viktig for å sikre gode tenester i heile landet.

Søndag må vere ein annleis dag

Med jamne mellomrom reiser Framstegspartiet forslag om fjerne opningstidsføresegnene. Framstegspartiet vil tillate å halde opent på alle heilagdagar og søndagar. Det skal heller ikkje vere nokon avgrensingar i opningstida på jul-, påske- og pinseeftan.

Så seint som i 2003 blei dagens opningstidsføresegner vedteke i Stortinget. Den gong var det Bondevik II-regjeringa som foreslo dette. Eit stort fleirtal i Stortinget la den gong vekt på at det var viktig å sette grenser for kommersiell aktivitet på heilagdagar, og at det derfor som ein hovudregel skulle haldast stengt på søndagar.

Eg kan ikkje sjå at dette behovet har endra seg noko særleg sidan då. Det er heller ingen store problem med å handheve dagens regelverk. Framstegspartiet gjer eit stort nummer av det er mykje byråkrati for å handheve dette regelverket. Dette er direkte feil! Det brukast lite ressursar på dette med unntak av nokre problem med hagesenter. Varehandelen er særdeles lovlydige og følgjer regelverket til punkt å prikke.

Eg er opptatt av å behalde søndagen som ein annleis dag – ein dag der folk kan få mulegheit til å bruke tida saman med familie og å dyrke sine felles fritidsinteresser. Det kommersielle presset på forbrukarane er stadig aukande, og eg meiner derfor at det er viktig å skåne forbrukarane for kjøpepress også på søndagar og til å ta vare på dei kristne verdiane. I tillegg er eg opptatt av at flest muleg arbeidstakarar skal få fri på søndagar og heilagdagar.

De nyeste bildene til Sigvald Oppebøen

Mest brukte soner

Nye i Sigvald Oppebøens krets

Linda H.
Odin A. B.
Tim V.
Ole-Kristian H.
Tove-Lise T.
Else-May B.