Anettes bidrag

No er det du som bestemmer!

Valkampveka har omfatta stand på Hafslo (Luster), fellesstand med gode vener i Sogndal og Leikanger AP, roseaksjon på skule og omsorgssenter i Gaupne (Luster), og valkampavslutning på Pyramiden og på Sogningen Storsenter saman med Tor Bremer. Vakre roser har blitt delt ut i stor stil til veljarane.

Eg har gjort mitt. No er det DU som bestemmer!

Vil du ha:
- skattekutt for dei rikaste eller velferd for ALLE?
- eliteskular for dei få eller ein meir kunnskapsrik skule for ALLE?
- betre eldreomsorg for dei som kan betala eller verdigheit for ALLE?
- fortsatt lønsmessig undertrykking av kvinnene i arbeidslivet eller LIKELØN NO?
- aksept for dei få eller likeverd for ALLE?
- betre vegar rundt Sinsen eller opprusting av vegar der folk bur, dvs. også i Sogn og Fjordane?
- frammandfrykt og skremsel eller likeverd, integrering og respekt med ein streng, men rettferdig innvandringspolitikk?
- kultur for eliten eller gode kulturopplevingar for ALLE, også for ungdom gjennom Kulturkortet til Sogn og Fjordane?
- blå-grønt-gult-svart kaos eller raudgrøn semje med Jens Stoltenberg som statsministar?

Eg trur at når det bles opp til storm er du best tent med eit sterkt mannskap og ein klar og trygg kaptein i Jens Stoltenberg, i staden for eit mannskap som er so usamde at dei ikkje eingong klarar å einast om kven dei skal ha som kaptein blant dei to som kallar seg statministarkandidatar medan dei tviheld i roret!

Eg veit kva eg vil ha. Det er eit samfunn med plass til alle, som fangar opp dei som fell utanfor – der dei ressurssterke stiller opp for dei ressurssvake, eit samfunn som viser solidaritet i praksis. Eg vil at ALLE SKAL MED!

Vel rettferdigheit og like mogelegheiter – stem Arbeiderpartiet i morgon.

O'lukke - Arbeiderpartiet mest fram i skulevala!

Ikveld er tala sin tale klar – Arbeiderpartiet på landsplan vann skulevala, og har gjort sitt beste skuleval nokon sinne med over 23% av røystene!

I Sogn og Fjordane blei Senterpartiet vinnaren, med 23,6% av stemmene. Men Arbeiderpartiet fylde hakk i hæl med 21,1, og har gjort sitt beste skuleval sidan 1993! Me går klart mest fram, med ei auke på 4,4 sidan 2007. Og det utan å bruka ein einaste sentral debattant – og det er det, so vidt underteikna kjenner til, ikkje so mange av dei andre partia som kan skilta med!

Eg skal vera ærleg no – debatten på Årdal VGS var min aller fyrste skuledebatt nokon sinne, og var ekstremt spennande. Brakvalet ved Luster VGS (43,3% til AP) var nummer to i rekkja. Saman med Mathias Stang frå Florø (som vann med 33% av stemmene på Flora VGS) og Torbjørn Vereide frå Gloppen var me soleis debattant-jomfruer i år – berre Kjetil Bergheim frå Florø var med for to år sidan. Ein særleg takk fortener soleis Mathias og Torbjørn som saman med meg har kasta seg uti det og prøvd seg i panelet!

“Det å sitte i skoledebatt er på mange måter en helt ekstrem situasjon. Mestrer du det, er Tabloid bare peanuts, altså. Da kan du bli statsminister, liksom”
Jens Stoltenberg på Utøya-leiren i juli

Skulevalet i Sogn og Fjordane er ein siger for Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane. No skal me ha to på Tinget!
Gjer som elevane i Sogn og Fjordane – røyst raudgrønt 14.september!

Usynlege ungdomskandidatar - kven har ansvaret?

Ungdomskandidatane i Sogn og Fjordane har i dag fått kritikk frå elevar på Hafstad VGS for at me er for lite synlege i valkampen, jfr. saka på http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/valg_2009_sogn_og_fjordane/1.6764905

Konkret om debatten på Hafstad VGS
Arbeiderpartiet møtte elevane på Hafstad på fredag, og brukte sjansen me fekk til klasseromsbesøk til å vera til stades på skulen heile dagen. Elevane var engasjerte, og mange problemstillingar blei teke opp i klassane og i debatten etterpå. Eg noterte meg samtlege spørsmål som blei stilt, og tek det med meg i tida som kjem. Debatten i Førdehuset var derimot underlagd ein streng regi, og ettersom brorparten av spørsmåla frå salen blei stilt til Høgre eller FrP (noko som gav 2 minutt svartid), var dei andre partia henvist til kun to replikkar “på deling” på kvart spørsmål (med 30 sek. svartid). Det gjorde til at det var vanskeleg å få fronta eigne saker ovanfor elevane, og det må ta noko av skulda for at me ikkje var flinke nok til å snakka om eigen politikk på Hafstad.

Synlegheit – kven har ansvaret?
Som ungdomskandidaten til Arbeiderpartiet vil eg presisera at det alltid er ei utfordring å vera synleg nok, både i og utanfor valkamp. Eg har forståing for frustrasjonen, for den deler elevane ved Hafstad VGS med AUF i Sogn og Fjordane. Det er ein generell frustrasjon over at ungdomssaker blir for lite prioritert i fylkesmedia.

Media spelar ei avgjerande rolle for ei kvar god, politisk sak. Utan at media er interesserte i saka, blir ho heller ikkje kjend for målgruppa vår, som er ungdom i heile fylket. Vårt fylkesmedium er framfor alt NRK Sogn og Fjordane, og ungdomskandidatane er soleis henviste til å kontakta NRK for å “komma på” med ungdomssakene våre.

AUF var uroa for situasjonen då NAV-tala i januar viste ei dramatisk auke i arbeidsløysa blant ungdom i fylket. På årsmøtet vårt stilte me derfor krav om at dei 6000 tiltaksplassane som krisepakka gav, skulle gjevast til ungdom i fylket vårt. Det blei oppretta kontakt med NRK, og radiointervjuet blei gjort, med lovnad om at det skulle “komma på” innan eit par dagar. Intervjuet blei diverre aldri sendt.

AUF ville styrka skulehelsetenesta i fylket, ikkje minst ved ein ny finansieringsmodell som sikrar ei betre og likare teneste ved alle skulane i fylket. Derfor tok me dette opp på Fylkestinget i juni. Me oppretta kontakt med NRK, men saka var diverre ikkje interessant for fylkesmediet før Tor Bremer tok kontakt om same saka. Kommentaren frå Karianne Torvanger – den ansvarlege for at skulehelsetenesta i det heile kom opp i Fylkestinget i juni – blei aldri sendt på radio.

AUF er opptekne av at ungdom skal ha god og rimeleg tilgong til kulturopplevingar, og krev at Kulturkortet no skal bli ein realitet også for ungdom i Sogn og Fjordane. Derfor blei saka teke opp med fylkesordføraren i juni og kravet om kulturkort for ungdom blei sendt til Kulturministaren. Også denne saka var uinteressant for NRK, sjølv om dei gjerne brukar spalteplass på korleis lønsmottakarar kan få ei feitare lommebok, t.d. gjennom FRP sine stadige utspel om skattekutt. Kulturkortet har heldigvis blitt meir synleg ved at AUF, saman med Tor Bremer og Ingrid Heggø, ber fram AUF-sakene våre når me møter veljarane i valkampen.

AUF er opptekne av korleis me kan bli meir tilgjengelege for ungdom i Sogn og Fjordane. Derfor sa me ja når NRK Sogn og Fjordane idag endeleg skulle la oss “komme på” om kor vanskeleg det er å “komme på” som ungdomspolitikar i Sogn og Fjordane. Ironisk nok – 15 minutt før opptaket skulle gjerast, ringde derimot NRK og sa at dei heller ville prioritera ei anna sak.

NRK Sogn og Fjordane – for ungdom?
Etter desse episodane og fleire til må det soleis setjast spørjeteikn ved kva fylkesmedium me ynskjer å ha – og om fylkesmediumet er noko som ungdom i det heile har eigarkjensle til.

Eg tek gjerne sjølvkritikk for manglande synlegheit, men heile ansvaret bør me som ungdomspolitikarar derimot ikkje bæra. AUF i Sogn og Fjordane er derimot lydhøyre for eit kvart innspel frå ungdommane sjølve om korleis me kan gjera oss meir tilgjengelege med dei gode ungdomssakene våre.

Oppheta stemning på Sogndal VGS

Måndag 7.september var det skuledebatt på Sogndal VGS. Som den største skulen i fylket, var det høg stemning i salen – og for underteikna sitt vedkommande, resulterte det i trampeklapp allereie under FRP-songen i opningsinnlegget:

Hurra for deg som er veldig rik – ja, FRP gratulerer!
Null-skatte-snyter-konto i Sveits, ja, dere vil få det bedre!
Bukke – nikke – neie for USA, bestemor på anbud – ja, det må vi ha!
Ønsker arbeidsløse ingenverdens ting, og si meg så hva vil de mere..
PRIVATISERE!

Det er ikkje til å leggja skjul på at debatten var den mest aggresive eg har delteke i. Særleg veksla det kraftige salver mellom Rød Ungdom og Unge Høgre, jfr. kandidaten sin påstand om sjikane frå ungdomspartiet til Rødt på http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/valg_2009_sogn_og_fjordane/1.6763209

Våre hovudsaker var:
- at ordninga med gratis skulebøker er ikkje trygg – det har Unge Høgre vore ærlege på
- at den raudgrøne regjeringa har innfridd samferdsleløfta – og lagt pengar på bordet til ny Loftesnesbru og rassikring av Gullringen i Luster kommune
- at ein god kommuneøkonomi er avgjerande for å oppretthalda tenestetilbodet i distrikta
- at kommunesamanslåing skal ikkje skje med tvang. Arbeiderpartiet seier nei til samanslåing av kommunane Leikanger, Luster og Sogndal fram til det eventuelt skjer med frivilligheit. Høgre og Frp bør heller ikkje få makt til å sveltefôra kommunane slik at kommunesamanslåing er einaste reelle alternativ.

Det heile enda slik:
Raudt 29,7 %
Senterpartiet 21,9 %
Arbeiderpartiet 19,3 %
SV 12,5 %
FrP 9,0 %
Høgre 3,1 %
KrF 2,8 %
Venstre 1,0 %

Eg og Anne Britt Kjærvik på standen vår, som ganske fort blei robba for materiell, pennar, lip gloss og ballongar

Ein trufast fan stiller med buttons :)

Skattekutt = velferdskutt

Valet 14.september er eit verdival. Det handlar om kor vidt ein skal prioritera fellesskapsløysingar og meir velferd til alle eller store skattekutt til dei som har mest frå før.

I valkampen går det ikkje ei nyheitssending, ikkje ein TV-debatt utan at FRP lovar meir pengar til dei fleste gode føremål, i tillegg til store skattekutt til dei aller rikaste. Velferda får kort sagt svi kvar gong ein skrur på fjernsynet!

FRP har derimot vore tilbakehaldne med å visa fram heilskapen i visjonane sine, for ikkje å seia reknestykket for velferdsstaten når skattekutta er kvittert ut. FRP har i sitt alternative statsbudsjett lova 29 milliardar i skattekutt. Herunder altså å gjera nokre kutt i formuesskatten. Seinare har dei sagt at dei vil fjerna formuesskatten heilt. Då blir kutta på 10 milliardar, ikkje på 1,4 milliardar som i det alternative statsbudsjettet.

Nokre av løfta som har blitt gitt er at
1. FRP vil fjerna heile formuesskatten – ut frå felleskassa = 10 milliardar ekstra
2. FRP vil fjerna arveavgifta – ut frå felleskassa = 1,8 milliardar ekstra
3. FRP vil gje sin pris på bensin og diesel – ut frå felleskassa = 9 milliardar ekstra
4. FRP vil fjerna eigedomsskatten i kommunane – ut frå felleskassa = 6 milliardar kroner (jfr. KOSTRA-tal frå 2008)

Totalt blir dette 27 milliardar kroner. Med i reknestykket kjem også desse løfta som kostar milliardar i tillegg:
5. FRP vil fjerna NRK-lisensen – ut frå felleskassa = 4 milliardar kroner.
6. FRP vil fjerna alle bompengar – ut frå felleskassa = 12 milliardar kroner

Altså har FRP lova veljarane nær 60 milliardar i skatte- og avgiftskutt – og valdagen er enno ikkje kommen.

Høgre påstår at dei skal halda seg til handlingsregelen og skattar på 2004-nivå. Det høver dårleg med løfta som regjeringspartnar FrP gjev. Ei krone kan berre brukast ein gong. Tek du sjansen på at ei regjering av Høgre og FRP vil setja strek over desse skatteløfta etter valet og heller bruka pengane på å skapa meir velferd som me alle etterspør?

Den raudgrøne regjeringa har auka minstefrådraget, noko som kjem dei med låge løns- og pensjonsinntekter til gode. I tillegg har me fjerna formuesskatten for 400 000 personar, halvparten av desse pensjonistar, og redusert den for 900 000 personar. Dei rikaste er heller ikkje lenger nullskatteytarar. Det er solidaritet i praksis! Arbeiderpartiet vil bruka dei store pengane på å løysa dei store oppgåvene i fellesskap. Derfor trur me på omfordeling og eit meir rettferdig skattesystem der ALLE yter etter evne. Skattekutt til dei rikaste betyr velferdskutt! Stem Arbeiderpartiet 14.september.

Hjarteleg velkomst for Heggø i Luster

Laurdag 5.september deltok Ingrid Heggø og eg saman med Luster Arbeiderparti på stand på Pyramiden Senter i Gaupne. Det gjekk unna på rosene, og ein time før standslutt var dei 130 rosene allereie utdelte.

Glade born tok vel imot dei raude AP-ballongane våre, medan dei vaksne fekk roser, ein kaffikopp og ein prat om vår store visjon for landet dei fire neste åra.

Fredag 4.september var det Val-quiz på Gaupne Hotell. Luster Arbeiderparti stilte mannsterke og enda på ein god (delt) 2.plass, berre slått av ein gjeng med glupe skjoldingar/sørheimingar/gåpningar. Ettersom mesteparten var lærarar, tok me plasseringa med fatning. Underteikna var mest nøgd med at ho visste kva årstal Arbeiderpartiet blei skild frå Komitern – det var i 1923.

Neste helg held valkampen i Luster fram, med rosebesøk fredag ettermiddag og stand laurdag. Då er Luster sin eigen Tor Bremer på plass. Kom gjerne innom for ein kaffikopp og ein politisk prat! :)

De nyeste bildene til Anette

De nyeste sonene til Anette

Anette S. har ikke anbefalt noen soner ennå. Vi viser derfor de nyeste sonene Anette S. har blitt medlem i.

Nye i Anettes krets

Arne H.
Liselotte A. L.
Odd A. S.
Harald B. R.
Monica O.
Vegard S.