![]() |
Hei, eg er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, bur på Kyrkjebø i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Eg er inne i min andre periode her på Stortinget, og er medlem av næringskomiteen.Eg har ansvaret for virkemiddelpolitikken, eigarskap, reiseliv , Industri og romfart. AP sitt fremste fortrinn er å skape og trygge arbeidsplassar samtidig som det offentlige sikkerheitsnettet er der viss ein av ulike grunnar ikkje har ein jobb å gå til.Interessene mine utanom politikk er friluftsliv og lesing. Likar også hagearbeid og blomster, men får ikkje tid til det…
Ingrids bidrag | ||
Posten foreslår ei rekke endringar i høve til dagens tilbod.Post-i-butikk har vist seg å vera ein stor suksess. Kundane er svært nøgde med betra tilgang og lengre opningstider. Dette er eit tilbod som er komme for å bli, og vi vil derfor støtte ei omlegging til fleire post-i-butikk slik som Posten foreslår. For Arbeiderpartiet er det også svært viktig at dei tilsette som vert overtallige når postkontora vert nedlagt, vert tekne vare på, på best mulig måte. Vi forventar at Posten fylgjer nøye opp kvar enkelt av dei tilsette, slik at dei etter omleggingen kjem over i ein ny jobb, enten hjå Posten eller hjå andre arbeidsgivarar. Her er det også viktig at fagforeningane er sterkt involverte.Posten har vist både evne og vilje til dette ved tidlegare omstillingar, så det er eg trygg på vert ivareteke også denne gongen.For dei mange som har nytta banktenestene via landpostbod så skal ein fortsatt kunne ta ut pengar og betale rekningar via landpostbudet som idag ,det tilbodet vil Arbeidarpartiet skal opprettholdast. Posten ønsker lengre leveringstid og fem dagers veke.Men Arbeidarpartiet krev at det fortsatt skal leverast post seks dager i veka, og vi kan ikkje godta lengre leveringstid enn idag. Arbeidarpartiet vil ha eit godt ,likeverdig og framtidsretta tilbod over heile landet, seks dagar i veka og med same leveringstid som idag.

Arbeid for alle er og blir jobb nr ein for Arbeidarpartiet . Omstillingsmidlar og verktøy i verktøykassa står sentralt for oss for å opprettholde og skape nye arbeidsplassar.
Arbeidarpartiet stilte bla krav om omstillingsmidlar på 100 millionar til Høyanger og Årdal samfunna då vi inngjekk budsjettforlik med Høgre,Krf og V i 04 . I mange valkampar har Høgre prøvd å teke æra for at desse midlande kom på plass. Det var desse midlane som vart brukt til å etablere bla Dooria fabrikken. Det har vore ein god arbeidsplass for om lag 30 personar i fleire år. Arbeidsplassar som Høgre no meinar ikkje skulle vore der.
I nrk sogn og fjordane gjekk Lødemel , Høgre, hardt ut mot det han kalla vekkasta midlar , og feilslått politikk frå Arbeidarpartiet , vedrørande omstillingsmidlar som var brukt til Dooria fabrikken i Årdal.
Dette er same person som i 2009 prøvde å ta æra for omstillingsmidlane som kom til Årdal og Høyanger. Når ein så ikkje lykkast med alt som ein har satsa på, ja så er det gale og feilslått poltikk frå AP si side. Vi veit hermed kva politikk vi vil få viss Høgre får makta att :slutt på statleg risikokapital og omstillingsmidlar, tom verktøykasse igjen.
Per Kristian Foss sin negative uttale om aluminiumsindustrien i Norge som ikkje hadde ei framtid, det var og Høgre sitt sanne ansikt.
Høgre var heller ikkje med på at Stortinget via eigarskapsmeldinga, skulle stille krav til Hydro om investeringsplanar i Norge.
Eg har jobba mykje med grundere i dei siste åra, og det å skape nye arbeidsplassar. Gjennomgangstonen er stort behov for risikovillig kapital, og kor viktig innovasjon Norge, Siva og andre offentlege ordninger er for å få bedrifter opp å gå. Så lykkast ein sjølvsagt ikkje alltid.
Høgre si hovering over at ei bedrift som staten har komme med omstillings midlar til , har lagt ned, er å vise sitt sanne ansikt. Dei ønsker ikkje verktøy i verktøykassen for å lage nye arbeidsplassar, men skal tilbake til næringsnøytralitet vedr tilskot til bedrifter, dvs pølseboda og ein ny solcellefabrikk skal behandlast likt. Arbeidarpartiet har ein aktiv næringspolitikk og har fylt opp med verkemiddel. Fasiten er klar Høgre i regjering vart det skapt 20.000 arbeidsplassar, Arbeidarpartiet har frå 2005 skapt 250.000 arbeidsplassar. Dette er klasseskildnad.
Ingrid Heggø
Arbeidarpartiet
Arbeiderpartiet | ||
Mest brukte soner | ||
Val 2011 Sogn og Fjordane er Firda si dekking av valkampen.
Her kan alle medlemmer komme med gratulasjoner, god bedring, og fortelle om jubleum etc.
Val 2011 Høyanger er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Høyanger. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no.
Nye i Ingrids krets | ||