Torsteins bidrag

Innlegg om CO2-fangst

18. Februar holdt eg følgande innlegg i Stortinget. Kva meiner dykk om CO2-fangst?

Fangst og lagring av CO2, om det no er frå olje- og gassproduksjon, annan kraftproduksjon eller industri, blir utan tvil avgjerande for om vi skal få redusert klimautsleppa og nå det omtalte 2-gradersmålet. Derfor er det eit svært viktig tema som forslagstillarane tek opp. For om vi lykkast med energieffektivisering aldri så mykje, vil verdas energibehov auke dramatisk i tida framover, ikkje minst i utviklingslanda dersom dei òg skal få si nødvendige utvikling. Omlegging frå fossilt brensel til fornybar energi vil heller ikkje møte dette behovet. Derfor må verda lykkast med CO2-fangst. Eg trur at det i det internasjonale klimaarbeidet er særleg på to område Noreg kan bidra på ein slik måte at det gjer ein forskjell. Det er innsats for bevaring av regnskog og utvikling av ny teknologi m.a. for fangst og lagring av CO2. Derfor blir det òg satsa på desse to områda. Her må vi spisse satsinga vår, og det blir òg gjort. I perioden frå 2006 til 2009 er det over statsbudsjett løyva over 3 milliardar kr til CO2-handtering, og det er avsett 3 milliardar kr på budsjettet i år. Vi må utvikle framtidsretta og effektive teknologiar, slik at CO2-handtering kan bli realisert nasjonalt og internasjonalt.

Så viser eg til rapporten Klimakur 2020, som blei lagd fram i går. Her er det ei rekkje tiltak som kvar for seg og i sum kan bidra til å få ned klimagassutsleppa våre.

For å summere opp: CO2-fangst og -lagring også på store punktutslepp i industrien blir svært viktig. Derfor er det eit nødvendig satsingsområde, og her blir det òg gjort veldig mykje. Men vi treng framleis forsking, teknologiutvikling og testing for å lykkast med dette.

Mest brukte soner

Nye i Torsteins krets

Jan B.
Trygve S.
Marita A.
Bjørn r.
Adrian N.
Ina H.