Torunns bidrag

Luster AP på årsmøtet til Sogn og Fjordane AP

Malvin Moen på talarstolen i Førde

11 delegatar frå Luster Arbeidarparti deltok på årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti i helga.

Det var næringsministar Trond Giske som var hovudtalar på årsmøtet. Både Torunn Hønsi og Malvin Moen hadde innlegg til den politiske situasjonen/næringspolitikk etter hovudtalen til Trond Giske. Hønsi snakka om vasskraftutbygging og verdiskapning i vest, om fjerning av taket på eigedomsskatten på vasskraftverk og krav om fleire kraftkrevjande industriarbeidsplassar til område med overskotskraft. Moen snakka om næring og samferdsle, kraft, og at det var gledeleg med så mange aktive unge medlemmer på talarstolen og i partiet. Han avslutta innlegget sitt med orda: “Gå ut å gjer alle til sosialdemokratar!”

Hønsi sat òg i redaksjonsnemnda, som besto av 7 personar og var leia av stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

Luster Arbeidarparti sendte inn ein resolusjon om bl. a utbetring av FV/RV 55 frå Vadheim til Fortun saman med dei andre kommunepartia langs strekninga. Resolusjonen vart bakt inn i ein felles uttale på samferdsle, og einstemmig vedteken av årsmøtet. Dette er Luster Arbeidarparti godt nøgd med!

Dei 11 delegatane frå Luster var: Torunn Hønsi (delegasjonsleiar), Malvin Moen, Elin Hauge, Svein Tore Heltne, Johan Solheim, John Berget, Hanne Teigen, Kirsten Vikdal, Hans Herman Kalhagen, Eidar Sønnesyn og Jorunn Ødegård.

God jul!

På vegne av kommunestyregruppa vil eg få takke for godt politisk arbeid i 2011! Ei riktig god jul til alle, kvil ut – så de er klare til meir politisk arbeid for Luster Arbeidarparti/AUF i det nye året!

La valet ditt vera eit framtidsval!

Her kan du lese apellen frå ordførarkandidaten til Luster Arbeidarparti, Torunn G. Hønsi, som ho heldt under ordførardebatten laurdag 10.september på Pyramiden Senterkafe.

Bruk stemmeretten din måndag!
Stem gjerne Luster Arbeidarparti!

Godt val!

De nyeste bildene til Torunn

Mest brukte soner

Nye i Torunns krets

Thor E. S.
User_128x128kjell a. b.
Tor B.
Christin S.
User_128x128Kirsten V.
User_128x128Jon A. B.